OPNAR IGJEN: Frå måndag av reknar kommunen med at Vaksdal sjukeheim igjen kan opnast for besøkjande.

Opnar sjukeheimane igjen

Frå måndag av planlegg Vaksdal kommune å opna for besøkjande igjen. Koronautbrotet på Dale vert no definert som over.

— Me planlegg opning av sjukeheimane etter tidlegare rutine frå måndag av. Ein er ikkje heilt klar med all smittesporing, og vil derfor halda sjukeheimane lukka inntil dette er klart. Me reknar med at alt er på plass til måndag, og opnar då etter rutinane som var før. Dette vert gjort for å ivareta tryggleiken til bebuarar på sjukeheimane, heiter det i ei melding frå rådmann Atle Fasteland.

Vaksdal kommune vil komma med oppdatert informasjon måndag formiddag, vert det opplyst.

110 personar er testa

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser til VP torsdag at 110 born og vaksne er testa for korona etter at det søndag vart klart at ein person på Dale hadde testa positivt.

— Alle testar har vore negative, og det er eg glad for. Ein kan seia at utbrotet etter den eine som testa positivt no er definert som over. Rett nok er det nokre nærkontaktar som framleis er i karantene, men me har heldigvis ikkje fått fleire smittetilfelle, slik ein ser i mange andre kommunar, seier Thorseth.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth er glad for at koronautbrotet i Vaksdal kommune no kan definerast som over.

— Ein augneblinkstest

Når det gjeld testing, så understrekar Thorseth at ein koronatest er eit «augneblinksbilete» av stoda hjå dei som blir testa.

Det betyr at ein som har testa negativt ein dag, kan verta smitta og vera positiv dagen etter. På same måten kan ein som har testa positivt ein dag, få negativ test nokre dagar seinare. Dette altså utan at den første positive testen var feil.

— Ein koronatest er ikkje ein stabil tilstand, det gjev eit bilete av situasjonen akkurat når testen vert teken, seier Thorseth.