VP: Her i andre etasje i Coop-bygget på Dale, har VaksdalPosten kontor.

Opplagsauke for VaksdalPosten

VaksdalPosten har eit godkjent opplag etter første halvår i år på 2.223, noko som er ein auke på 25 samanlikna med andre halvår i 2020.

Det utgjer ein auke på vel 1 %. Lokalavisene tilknytta Landslaget for Lokalaviser går samla fram med 0,53 %.

Det er ein auke i digitale abonnement som gjer at VP har fleire lesarar i 2021 enn før.

— Trenden har lenge vore at me aukar talet på digitale abonnentar, noko som sjølvsagt er gledeleg. Det store fleirtalet vil framleis ha papiravisa i tillegg, som dei får gjennom komplettabonnementet. At me opplever auke i opplaget, når ein veit at avisa frå før har så god dekning, er veldig positivt, seier redaktør Esben Hesjedal.

Fleire digitale abonnentar

VP har auka den digitale satsinga, og gode trafikktal på VP.no viser at dette er noko folk likar.

— Me håpar folk set pris på å ha ei levande lokalavis. I ei tid med utfordringar knytt til annonseinntekter, er det viktig at abonnementstala går rette vegen. I framtida må nok journalistikken i større grad enn tidlegare finansierast gjennom lesarbetaling, det er ein trend for heile bransjen, seier Hesjedal.

Av opplagstala for første halvår 2021, går det fram av avisa Hordaland aukar opplaget til 8.334, som er ein auke på 175 eksemplar. For andre naboaviser er tala slik: Samningen 1.385 (- 13), Bygdanytt 4.987 (- 79), Strilen 5.544 (- 115) og Nordhordland 5.075 (- 153).

— Viktig i pandemien

Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik, er godt fornøgd med opplagsutviklinga.

— Lokalavisene er ei svært viktig informasjonskjelde for innbyggjarane også når koronapandemien går mot slutten. Opplagstala går opp og folk les lokalavisa si både på nett og papir. Gjennom pandemien trur og håper eg at folk har sett kor viktig det er å ha ei lokalavis i kommunen sin. Avisene våre formidlar nyttig og livsviktig informasjon, og dei knyter folk saman. Lokalavisene er også ein nyttig mediekanal for bedrifter, organisasjonar og kommunar. Særleg har mange kommunar brukt lokalavisa det siste året for å få ut samfunnskritisk informasjon i eit truverdig miljø, seier Tomas Bruvik.