Ordførar Hege Eide Vik. Foto: Vaksdal kommune

Ordførar og rådmann snakkar til innbyggjarane

Vaksdal kommune la fredag ut ein film der ordførar Hege Eide Vik og rådmann Atle Fasteland snakkar om koronasituasjonen.

Sjå filmen her.

Onsdag kom kommunen med nye råd. Desse var felles for nabokommunane til Bergen, og dei skal gjelda i fire veker. (Dei kan du lesa her.)

Ordførar varslar elles at kommunal kriseleiing (kkl) i eit møte 10. november vil drøfta korleis ein skal forholda seg til arrangement som julegrantenning og liknande i førjulstida.

— Vis omsorg

— Det går mot vinter, og det er viktig å ta godt vare på kvarandre og visa omsorg. Dette sjølv om avgrensingane når det gjeld å halda avstand framleis gjeld. Tusen takk for innsatsen som de alle gjer for å avgrensa smittespreiing, seier ordføraren.

Aukande smittetal

Rådmann Atle Fasteland peikar på at smittesituasjonen i landet er aukande, og at det er urovekkjande tal i kommunane rundt Vaksdal.

— Bruk munnbind på stader der ein ikkje kan halda den tilrådde meteren i avstand. I Vaksdal føretek me ikkje endringar på besøksordningane for sjukeheimane, eller opning av hallar eller forsamlingshus. Likevel er det grunn til å vera på vakt, og blir det vesentleg endring i smittesituasjonen her lokalt, så kan ein forventa innstrammingar. Når det gjeld opning av hallar, forsamlingshus, symjeanlegg opnar me ikkje ytterlegare opp dei neste fire vekene. Det vil vera uforsvarleg å opna meir opp, gitt rammene rundt oss, seier Fasteland.

Rådmann Atle Fasteland. Foto: Vaksdal kommune

Utover i 2020

Han rosar dei som gjer ein ekstra innsats i ei utfordrande tid.

— Det er mange som gjer ein ekstra innsats i desse tider. Fleire av oss er også uroa for kor lenge denne korona-situasjonen skal vara. Eg trur me vil måtta innstilla oss på å ha ein koronasituasjon langt inn i 2020, og me ser ikkje slutten av dette før det er komme ein vaksine og at store delar av befolkninga er vaksinerte. Men me skal komma oss gjennom det, og ein gong vil me leva som me ein gong gjorde, seier rådmannen.