Ordførar Hege Eide vik presiserer at reiseråda gjeld fritidsreiser. (Arkivfoto)

Ordføraren presiserer om reiseråda til Bergen

Ordførar Hege Eide Vik presiserer at råda om å ikkje reisa til Bergen, gjeld fritidsreiser.

Torsdag morgon la kommunen ut ei presisering av reiseråda som kom dagen før.

— I går oppfordra me innbyggjarane om å unngå reiser til Bergen som ikkje er nødvendige i samband med høge smittetal i Bergen. Me vil presisera at me då tenkjer på fritidsreiser, ikkje på reise til og frå jobb eller andre naudsynte ærend mellom Bergen og Vaksdal kommune, melder ordførar Hege Eide Vik.

Onsdag la kommunen ut desse råda.