KLARE: Vaksdal Underhaldningslag, her med Pia Njaastad Mæland og Odd Berge (til høgre) og kapellmeister Erlend Styve, er klare til Vintertreff.

Over 1.100 billettar selde til Vintertreffet

Torsdag går startskotet for jubileumsutgåva av Vintertreffet på Vaksdal. Og billettsalet har gått svært så bra.

Pia Njaastad Mæland i Vaksdal Underhaldningslag fortel om eit førehandssal av billettsal som ein knapt har opplevd før.

— Ja, me er strålande fornøgde med interessa for årets Vintertreff. Fredagskvelden med Heine Totland og Rakkadeis vart utselt for ein månad sidan. Dei siste dagane har dei 400 billettane til laurdagskvelden med Rotlaus og Dirty Deeds også forsvunne kjapt. Måndag hadde me 40 billettar igjen, og no er det berre fem billettar att, fortel Njaastad Mæland når VP snakkar med ho tysdag ettermiddag.

Fleire selde enn folk på Vaksdal

Over 1.100 billettar vitnar om at 20-årsjubileet er noko folk vil ha med seg.

— Ja, 1.100 billettar er vel meir enn det bur folk på Vaksdal, så det er knallkjekt. Som arrangør er det godt å vita at økonomien er i boks før første arrangement har starta. Onsdag byrjar me å rigga til, og så går det slag i slag til me ryddar søndag ettermiddag, smiler Njaastad Mæland.

Til torsdagens to jubileumsframsyningar var det tysdag igjen kring 50 billettar til kvar framsyning.

— Me håpar at også dei forsvinn, og skulle det vera att billettar, så sel me dei siste i døra.

Jubileumsframsyning

Pia Njaastad Mæland er mellom dei som har vore med på arrangørsida frå starten av, og ho gler seg spesielt til jubileumsframsyningane som skal ta publikum igjen 20 år med Vintertreff.

— Det er svært mange artistar som skal på scena, både lokale og landskjende som tidlegare har vorte på Vintertreffet. Me har også nokre overraskingar på lur som folk må komma for å få med seg, smiler Pia.

TORSDAG: Vaksdal si eiga Frida Amundsen er mellom artistane som står på scena under jubileumskonsertane torsdag.

Av og for dei unge

På dagtid laurdag er det dei unge som både skal underhaldast og som sjølve skal underhalda. Først er det konsert med Anna og Vilde frå MGPjr, før det vert Ung Kultur Møtes (UKM) med lokale born og unge.

— Eg vil oppfordra både dei unge og foreldre og besteforeldre til å ta turen på konserten og UKM-delen laurdag. Å sjå våre eigne unge, lovande på ei stor scene trur eg vert kjekt. Til dømes så starta Frida Amundsen si karriere i kulturskulen og var med på UKM, så kanskje får me sjå nokre nye talent som kjem til gjera det like bra som Frida og Tommy Kristiansen, seier Pia, og legg til at laurdag føremiddag vert det servert frukost på sentertorget og høve til å sjå ei utstilling med gamle avisoppslag frå 20 år med Vintertreff på Vaksdal.