TRULEG SNART OVER: Karantenetida ved Stamnes er truleg over til helga, slik at borna kan komma tilbake på skulen måndag. (Arkivfoto)

Over 50 negative prøvesvar frå personar knytt til Stamnes skule

— Alt tyder på at covid-19-tilfellet på Stamnes skule var eit eingongstilfelle og at karantenetida ved skulen ikkje vert forlenga når den går ut i morgon, seier kommuneoverlege Ole M. Thorseth til VP torsdag.

Han presiserer likevel at dei som er i karantene skal halda seg heime frå skulen heile denne veka.

— Ingen grunn til hysteri, men følg smittevernreglane

— Men no har me fått svar på etter kvart mange av prøvane me har teke av born og vaksne knytt til skulemiljøet på Stamnes. Over 50 negative prøvesvar har me fått derifrå, så alt tyder no på at dette blir avblåst i morgon, seier Thorseth.

Han vedgår å ha kjent på både hysteri og oppgittheit som har rådd i folket dei siste dagane.

— Det er ingen grunn til å bagatellisera, for dette er alvorleg. Men det er heller ingen grunn til frykt. «Føre-var»-tiltaka våre gjer at eg meiner me har god kontroll på situasjonen. No må folk berre passa på å følgja smittevernreglane, i dag og i tida framover. Det er det viktigaste av alt nett no. For dette blir langvarig, dette går ikkje fort over, seier Thorseth.

GOD KONTROLL: Kommuneoverlege Ole M. Thorseth meiner den låge terskelen det er for å setja inn tiltak, som karantene, i covid-19-kampen i Vaksdal, er rett medisin. (Arkivfoto)

Ikkje to, men eitt tilfelle

Kommuneoverlegen fortel også at det er eitt tilfelle av covid-19 som er stadfesta i Vaksdal denne veka. Det gjeld den tilsette på Stamnes skule.

— Det andre tilfellet me varsla søndag, viste seg å ikkje vera eit smittetilfelle likevel. Testen her var negativ, seier Thorseth.

Med det er det registrert tre covid-19 tilfelle i Vaksdal sidan pandemien starta i mars i år.

10. klassingane tilbake på skulen fredag