DANS: Elevane har latt seg inspirera av musikalar som High School Musical, og framsyninga inneheld fleire dansar. Her øver «Good guys» på eitt av sine nummer. F.v. Nathalie Lilletvedt, Elise Roti, Reem Haj Mousa, Sigrid Tvedt, Ingeborg Nummedal-Rolland og Helen Stanghelle.

Øver til vandreskodespel ved skulen

Dale skule blir kulisse, og publikum må vandra mellom ulike utandørsscener, når «produksjon for scene»-elevane ved skulen arrangerer utandørs teaterframsyning om to veker.

For dei 24 elevane frå 8. til 10. klasse som har valfaget, er dei neste to vekene innspurten av eit maraton som byrja med idemyldring allereie i januar.

— Me byrja skriva på manuset i februar, fortel elevane, som har latt seg inspirera av musikalar som High School Musical og Grease.

Alle elevane har ei rolle i produksjonen, om det så er framfor eller bak scena.

MULTITALENT: Det er mange dansetrinn å læra seg, og mange replikkar å hugsa. Her øver jentene i «Bad guys» på eit dansenummer. F.v. Leah Seim Edlund, Aurora Netland Magnussen, Amalie Dalseid Landro, Thale Faugstad og Mari Hole.

Smittevernvenleg skodespel

I vandreskodespelet finn ein to grupperingar, «Bad guys» og «Good guys», og den nye jenta som nett har byrja på skulen, som «alle» forelskar seg i.

BAD GUYS: Hedda Straume Fyllingslid (framme) spelar den nye jenta i klassen. Her prøver leiaren av «Bad guys», spelt av Mari Hole, å få ho med på tagging.

Elevane fortel at det var fleire årsaker til at dei valde å laga eit skodespel der mesteparten av handlinga skjer utandørs.

— Det er enklare å ha publikum ute, i forhold til korona og smittevernreglane, seier Thea Helle Jordalen, og legg til at lærar Maya Mykkeltvedt hadde vore involvert i eit slikt skodespel før, noko som òg påverka valet.

Framsyninga byrjar inne, før publikum følgjer handlinga på seks ulike stader utandørs. Skodespelet vert avslutta innandørs.

Håpar på fint vêr

Elevane seier at dei ser fram til å få ha ei fysisk framsyning att, etter at mykje har blitt avlyst eller vist digitalt det siste året på grunn av koronasituasjonen.

— Eg trur det blir kjekt, seier Thea, men ho og dei andre jentene som spelar gutane i «Good guys» innrømmer at dei er nervøse.

— Me er litt redde for at me skal snakka for lågt under framsyninga, legg Sigrid Tvedt til.

Artikkelen held fram under annonsen.

På framsyninga som er planlagt 27. mai kan dei ha inntil 50 publikummarar, og dei vurderer å auka til to framsyningar.

— Me håpar berre me får bra vêr, smiler Sigrid.

ULIKE ROLLER: Alle elevane har ei rolle i skodespelet, anten på eller bak scena. Her øver Adrian Simmenes Simbana og Kristian Kolstad (t.h.) på eit musikalsk innslag.

Hektisk innspurt

Lærar Maya Mykkeltvedt rosar elevane sine, som har måtta tilpassa seg mykje under koronapandemien.

— Dei skal jo læra korleis dei lagar ein produksjon, og det har dei verkeleg gjort — attpåtil under korona. Eg og Markus (Kydland, journ.merk) synest det er veldig kjekt å jobba med dei. Alle bidreg litt, og det er kjekt med eit fag dei har valt sjølve, smiler ho.

Læraren peikar på at dei aller helst skulle hatt framsyninga inne i kultursalen, men den kan framleis ikkje takast i bruk, sidan stolane enno ikkje er monterte.

Med berre to veker att til den store premieren, er det mykje som skal gjerast, og både kostyme og manus skal arbeidast vidare med.

— Føler du at de har kontroll?

— Nei, ikkje i det heile, ler Mykkeltvedt, og legg til:

— Men eg veit at me kjem til å komma i mål.