MIDT I BILETET: Med VR-briller finn ein seg sjølv midt i eit 3D-bilete, og kan snu på hovudet for å sjå seg rundt til alle kantar, og opp og ned. Her utforskar Adrian Sellevold eit 3D-landskap gjennom VR-brillene.

På virtuell oppdagingsferd i skuletida

På ein augneblink kan elevane ved Dale skule bli transporterte frå klasserommet til ein eksotisk stad på andre sida av verda.

— Eg ser ein hai!

— Eg ser klasserommet!

— Eg ser ingenting!

— Eg ser nokre steinar!

Det er ein vanleg skuledag, og ute skin sola. Inne i klasserommet til 8A på Dale skule står to oransje boksar tomme for innhald på golvet, og ved pultane sit om lag eit dusin elevar og snur utan stans på hovuda.

Opp, ned, fram, tilbake. Dei snur seg heilt rundt på stolen og stirar rett inn i veggen. Berre at dei ser ikkje veggen — dei ser på eit landskap — nei, dei er i eit landskap — som VR-brillene dei har på hovudet lar dei sjå.

SPENNANDE: Marie Skage Gullbrå og Maja Lid Toskedal tek på seg VR-brillene for å reisa inn i ei anna verd enn klasserommet på Dale. Foto: Randi Kleppe

Spennande nyvinningar

Den digitale skulekvardagen er i stadig utvikling. Undervisings- og læringsplattformer på nett har blitt ein viktig del av det moderne skulesystemet, og Kahoot, digitale tavler og individuelle laptopar er no regelen heller enn unnataket i norsk skule.

Dale skule gjekk før sommaren i fjor til innkjøp av 24 såkalla VR-briller, eller «virtual reality»-briller, til ein samla verdi av om lag 48.000 kroner. Brillene heiter ClassVR og er berekna for skulebruk. Dei er ikkje «kommersielle», og alt innhald er trygt for skulen å bruka. Det ligg også veldig mykje undervisningsmateriale lett tilgjengeleg for skulen.

— Me kan til dømes visa elevane ein 3D-modell av eit hjarta, dyr eller insekt. Det finst ulike interaktive «scener» der elevane kan sjå kvarandre og samhandla i ei virtuell verd. Me kan òg visa bilete frå Australia, Berlinmuren eller andre spennande plassar, forklarar lærar Sondre Bjordal.

Det er sistnemnde åttandeklassingane ved Dale skule får sjå denne dagen. Med hjelp av VR-brillene vert dei plasserte i eit virtuelt 3D-bilete frå ein plass i verda, og så skal dei gjetta kor dei er.

Artikkelen held fram under annonsen.

DYREBAR TEKNOLOGI: Dei 16 VR-brillene ligg trygt lagra i to oransje boksar når dei ikkje er i bruk.

— Litt prøving og feiling

Lærar Bjordal går rundt i klasserommet og spør om alle elevane ser det dei skal sjå gjennom brillene, men det er ikkje alltid rett svar å få. Fleire elevar fortel at dei ser sjø (med haiar), og dei får eit nytt par VR-briller for å sjå om dei ser noko anna med dei. Til slutt skal alle elevane sjå det same: eit steinete landskap som skal visa seg å vera frå Kangaroo Island i Australia. Ingen av elevane gjettar rett på dette biletet, utanom ein som er inne på noko som liknar i uttalen av namnet.

KONTROLL: Lærar Sondre Bjordal (med ryggen til) sjekkar eit par VR-briller som ein elev ikkje har fått til å verka. I framgrunnen studerer Kristoffer Johan Johansen (t.v.) og Robin Standal Fenne eit virtuelt landskap.

— Korleis kom du inn på det, Styrk? spør læraren, og får til svar frå Styrk Brattabø at han fekk eit kort glimt av alle svara gjennom VR-brillene då han først tok dei på.

Med brillene følgjer eit undervisingsopplegg som lar læraren styra kva elevane ser via ein PC.

— Det er framleis litt prøving og feiling med dette, men det er veldig kjekt å bruka VR-brillene i undervisinga. Det er fint for elevane å gjera noko anna enn det dei plar gjera, og dei er veldig ivrige, fortel Bjordal.

IVRIGE: Lærar Sondre Bjordal ser at det å bruka VR-briller i undervisinga aukar engasjementet og skapar iver blant elevane.

Auka engasjement

Det skortar i alle fall ikkje på engasjement under gjettekonkurransen. Elevane viser at dei fleste kan kjenna seg att i New York, Berlin og Los Angeles, men ikkje alltid fordi geografikunnskapane er på topp:

— Dette biletet hadde me i programmering òg, seier Liam Emil Linde.

SAMARBEID: Liam Emil Linde (t.v.) og Linus Ulveraker prøver å finna ut kor i verda læraren har plassert dei.

Programmering er eit fag på skulen, som Sondre Bjordal underviser i. Her har nok VR-brillene vore mest brukt, men også i andre fag som naturfag, samfunnsfag og engelsk har dei kome til nytte.

— Det er eit konsept som er i stadig utvikling, men nett no er nok fokuset mest på å auka engasjementet hos elevane, og ikkje så mykje på å få mest mogeleg læringsutbyte, seier Bjordal.

— Fint med variasjon

— Det er kjekkare enn vanleg undervising. Det er gøy, men ein vert litt sliten av det, seier Liam Emil Linde, som anslår at han har fått bruka VR-brillene totalt fem-seks gongar i løpet av det siste året. Altså er dei ikkje ein heilt vanleg del av skulekvardagen enno.

Marie Skage Gullbrå og Maja Lid Toskedal er einige med klassekameraten om at det er kjekt å bruka VR-brillene.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er fint med litt variasjon frå det vanlege. Dette er berre andre gongen me brukar dei, og me hadde ein slik gjetteleik sist gong òg. Det er veldig gøy, slår venninnene fast, og legg til at det går «OK» med gjettinga.

VARIASJON: Marie Skage Gullbrå (t.v.) og Maja Lid Toskedal set pris på variasjonen som gjetteleiken med VR-briller bidreg til i undervisinga.

Breidde i undervisinga

Rektor Magnar Helland seier at tanken bak å gå til innkjøp av VR-brillene er å gje elevane fleire opplevingar.

— Elevane kan få eit større og betre inntrykk av å vera «inne i» ei verd, enn om dei berre les om ho i ei bok. Dei kan òg vera aktive med brillene, og på sikt håpar me å få til litt kommunikasjon med elevar i andre land og på andre plassar, fortel han, og legg til:

— Med desse brillene møter me elevane i noko som er nytt og spennande, og det fører til auka engasjement og motivasjon for læring.