Brannmannskap rykte torsdag ettermiddag ut til ein pipebrann på Stanghelle.
Brannmannskap rykte torsdag ettermiddag ut til ein pipebrann på Stanghelle. Foto: Illustrasjon

Pipebrann på Stanghelle

Torsdag ettermiddag rykte brannvesenet ut til melding om ein pipebrann på Stanghelle.

Meldinga kom i 17-tida. Ikkje lenge etter vart det meldt at pipebrannen var sløkt.

Brede Tjønneland i Vaksdal brannvern fortel at naboar hjelpte huseigaren med å sløkkja brannen i pipa.

– Då brannmannskapa kom fram, så var brannen så godt som sløkt. Naboar hadde komme til og brukte salt frå toppen av pipa. Det fungerte godt, fortel Tjønneland.

Bustadhuset ligg på Stanghelle Vest.

– Dette gjekk veldig fint, så det er bra å ha gode og hjelpsame naboar. Å bruka salt er ein av fleire tilrådde metodar ved pipebrannar. Men då må ein opp på taket og sleppa saltet nedi pipa. Elles er det effektivt å tømma eit pulverapparat inn i feieluka i kjellaren. Vatn er eigentleg siste utveg. Då får ein ei rask nedkjøling som kan gjera at pipa sprikk, seier Tjønneland.

Det lokale brannvernet rykte ut med bilar og mannskap både frå Vaksdal og Dale, men dei kunne returnera etter kort tid.