NY PIZZERIA: Innehavar Imad Al-Ali (nærast) og medarbeidar Ammar Benni bak disken i den nyoppussa pizzeriaen på Dale.

Pizzeriaen på Dale er blitt ny

NÆRINGSMAGASINET: Imad Al-Ali (35) har brukt alle sparepengane sine, litt lån måtte han også ha, for å pussa opp den gamle pizzeriaen i Dalevegen. Den framstår no som ny og fin, der den ligg like i innkøyrsla til Dale frå E16. Ein halv million kroner er brukt på oppgraderinga.

Imad kom til Noreg som syrisk flyktning frå Kurdistan for sju år sidan. Frå heimlandet måtte han reisa om han skulle unngå militærteneste og krigen som rasa. Via Tyrkia gjekk ferda til mottak i Noreg.

Budde på Helle

Første faste bustad fekk han på Helle, sidan på Voss. Han lærte seg norsk, utdanna seg innan restaurant- og matfaget, vart kokk og fekk jobb på hotell på Voss. No studerer han økonomi og administrasjon på høgskulen i Sogndal. Samstundes har han, saman med gode medhjelparar, bygt opp det som han satsar på skal vera livsgrunnlaget hans i framtida — «2 Bror Pizza» på Dale.

LITT LOKALT: Både Dale-burger og Boris-burger, sistnemnde oppattkalla etter huseigar Boris Groth, er å finna på menyen.

— Her vil eg bu

— Eg vil helst komma tilbake til Vaksdal kommune, ja, og busetja meg her, få meg hus, stifta familie. Og då er det viktig å ha arbeid og inntekt, fortel Imad — som vedgår at det har vore lite av det sistnemnde i starten for «2 Bror Pizza». Dei to medarbeidarane hans, Ammar og Akram har jobba utan lønn sidan opninga i vår og fram til hausten.

— Eg hadde ikkje pengar, eg hadde brukt alt eg hadde på oppussinga. Og eg kunne ikkje låna pengar for å betala dei lønn. Så dei to kollegaene mine har vore heilt fantastiske med meg, seier Imad.

Betre tider etter tøff start

Han vedgår at starten var tøff, mellom anna fordi at han opna i vår midt i den verste koronatida. I tillegg overtok han ei verksemd med krav om utbetringar frå Mattilsynet. Men no er desse oppfylte. Smått om senn så har kundane også oppdaga at serveringsstaden her i porten til Dale er blitt heilt ny. Her er det reint, her er det triveleg og maten er god.

— Tilbakemeldingane me no får, er fine. Handelen har teke seg opp, og no kan eg betala lønn til mine gode medarbeidarar, smiler Imad.

Spesielt så har trafikken inn frå E16 auka. Fredagar og søndagar er det ein god del som ringjer på veg til eller frå hytta på Voss eller i Bergsdalen.

— Då spør dei om me kan ha klar maten til dei når dei kjem til Dale, og ja det kan me sjølvsagt. Ofte handlar dei her også på dei søndagsopne matbutikkane. Me får mykje skryt frå desse kundane, dei takkar for at me er her.

FLEIRE PLANAR: Til sommaren planlegg Imad ei større utvendig oppgradering av «2 Bror Pizza» på Dale. Førebels har det blitt med den nye trappa i inngangspartiet.

Vil utvida menyen

Imad blir ivrig når han fortel om ombygginga.

— Alt er nytt. Veggar, golv, tak og inventar. Ny pizzaomn, nytt kjøkken, nytt kundetoalett og ny trapp ute, nye utemøblar — og ny meny. No har me lagt eit grunnlag for framtida, smiler kokken — og innehavaren, som også har planar om å utvida konseptet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Menyen me har i dag er den vanlege, slik som pizza, grill og burgers. Investeringa me har gjort i mellom anna mykje nytt på kjøkkenet, gjer at me også kan tilby noko meir. Andre enkle lunchrettar i tillegg til det me har, som supper, smørbrød, kaker. Mogelegheitene, som eg har stor lyst å prøva ut, er mange, seier Imad.

Til sommaren ønskjer han også å byggja ein liten overbygd og oppvarma terrasse der utemøblane i dag står.

Hygiene og miljø

Reinhald, hygiene og miljø er han svært bevisst på at krev sitt.

— No i koronatida er folk flest blitt merksame på kor viktig slikt er. For meg har dette, heilt sidan eg begynte på kokkeutdanninga vore noko det i undervisinga er blitt terpa på må prioriterast. Kvar dag vaskar me og desinfiserer me. Råvarene me brukar er alltid ferske, forsikrar Imad.

STUDIAR OG JOBB: Både innehavar Imad Al-Ali og medarbeidar Ammar Bennar samtidig som dei også jobbar ved «2 Bror Pizza».

Treng fleire gode medarbeidarar

Imad vil på litt sikt trengja nye medarbeidarar til «2 Bror Pizza» på Dale. Dei to ungdommane som jobbar for han i dag, er i starten på yrkeslivet sitt og under utdanning.

— Eg kan ikkje basera meg på dei i framtida, dei vil søkja andre utfordringar. Sjølv må eg gjera ferdig studiane mine i Sogndal. Så for bedrifta på Dale er det viktig med nyrekruttering, og helst då nokon som bur på Dale eller i Vaksdal kommune som kan ta på seg ansvar her, seier han.

Takkar bror sin

Han ler litt når me kjem inn på det litt spesielle firmanamnet — «2 Bror Pizza»

— Ja, ikkje heilt grammatisk rett vel, du forstår at det er ein utlending som står bak den, smiler han.

Namnevalet har han gjort for å heidra bror sin Ammar. Han er også flyktning i Noreg og har vore her lengre enn Imad, og han hjelpte Imad mykje i starten.

— Ammar fortalde meg om norsk veremåte og norsk kultur, og har gjort meg svært bevisst på at me skal tilpassa oss levereglane som gjeld i det nye heimlandet vårt. Å gå på NAV og sosialen etter at me var integrerte, er heilt uaktuelt. God og rett lærdom det, smiler Imad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv kjem han frå ein stor bondefamilie i Syria, der også dette med å greia seg sjølv og retta seg etter livet rundt ein, var barnelærdom. Men tilpassa seg krigen som rasa, det greidde han aldri.

— Nei, heldigvis og eg er veldig glad for at eg kom til Noreg og Vaksdal kommune. Eg trivst her og håpar å få til og driva «2 Bror Pizza» i framtida.