RESTART: Planprosessen for ny veg og bana mellom Arna og Stanghelle er starta opp att for fullt. (Ill: Statens vegvesen)

Planarbeidet på K5 Arna-Stanghelle held fram

Samferdsledepartementet har endeleg sagt ja til at K5-prosjektet Arna-Stanghelle kan planleggjast vidare innanfor kostnadsramma som prosjektleiinga har bede om, nemleg 25 milliardar kroner.

Dette er ikkje det same som at det er løyvd pengar til K5, det skjer dersom stortingspolitikarane prioriterer dette når dei skal behandla NTP (Nasjonal Transportplan) til våren.

Ei stadfesting på det såkalla styringsmålet har vore etterlyst av planleggjarane sidan før sommarferien. Den gong vart det sagt at om ikkje denne godkjenninga av styringsmålet, der kostnaden ligg på 25 milliardar kroner, kom før sommarferien, så vil K5-utbygginga bli forseinka.

Oppstart tidlegast i 2023

No kom den i september.

— Ja, og med det kan detaljarbeidet med reguleringsplanen halda fram. Samstundes har ventetida forseinka oss. Så det å nå planlagt anleggsstart i 2022 no er lite realistisk. Slik me vurderer dette no så kan me tidlegast vera i gang med nye veg og bane mellom Arna og Stanghelle i 2023, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Han kan ikkje seia kor tid i 2023 ein kan starta. Det han kan seia er at reguleringsplanen med alle lokale detaljar om K5-anlegget med anleggsdrift, massedeponi og anna skal vera klart før sommarferien neste år.

— Då skal også den neste NTP-en vera på plass, og då veit me om det er løyvd midlar til K5, seier Søderholm.

Planarbeidet etter at reguleringsplanen er godkjent omfattar mellom anna å få fram ei bompengesak og laga detaljert byggjeplan for prosjektet.

RESTART: Prosjektleiar Gunnar Søderholm er glad for at arbeidet med reguleringsplanen for K5 no kan halda fram. (Arkivfoto)

K5-massar til å gjera Bergen større

Det som det mellom anna framover vert jobba med er å få på plass avtalar for massehandtering. Lite er avgjort her endå. Ein planlegg både deponi på land, sjødeponi og leveransar ut av området. Eit konkret stordeponi som ein no jobbar for å landa er eit større utfylling ved Dokken i Bergen, rett og slett for å utvida arealet i byen.

— Ved Dokken, som ligg på sentrumssida av Puddefjorden, er det aktuelt med ei stor sjøfylling som kan gje plass til mellom fire og fem millionar m³ med K5-massar. Det totale uttaket av tunnelmassar mellom Arna og Stanghelle som ein må bli kvitt er om lag 10 milliardar m³, så det er såleis ein ganske så stor del av dette som er aktuell til den tenkte byutvidinga, seier Søderholm.

POSITIVT: - Det er veldig bra at styringsmålet no er på plass. No vert det viktigare enn nokon gong for oss lokalpolitikarar å framsnakka K5 til stortingspolitikarane, seier ordførar Hege Eide Vik. (Arkivfoto)

— Ei god melding å få

Ordførar Hege Eide Vik (Sp) er glad for at styringsmålet er på plass, og at planarbeidet kan halda fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Så lyt me berre leva med at tenkt oppstart ser ut til å verta utsett frå 2022 til 2023. Langt viktigare er det at me får på plass løyvingar til K5 når neste NTP skal vedtakast til våren, seier ordføraren.

Å snakka fram prosjektet i alle aktuelle fora vert ei viktig oppgåve både for ho og dei andre lokalpolitikarane i Vaksdal den komande tida.

— Ikkje minst gjeld dette overfor stortingspolitikarane våre, som skal vedta NTP-en. I Senterpartiet hadde me tre frå Stortinget på K5-besøk sist veke. Framover har me alle i kommunestyret ein god plan på dette. Eg håpar sjølvsagt — og trur også — at jobben som me og andre gjer vil påverka positivt og at K5 er inne med løyvingar i neste NTP, seier ordførar Hege Eide Vik.