N/A: Politi ill Foto: Esben Hesjedal

Politiet leita etter bil på Dale

Fredag var fleire politipatruljar på utkikk etter ein personbil på Dale.

Fleire la merke til politibilar som køyrde rundt i gatene på Dale i 13-tida.

Politioverbetjent Robert Veseth ved Voss lensmannskontor stadfestar at fredag politiet hadde patruljar på Dale.

— Me var ute og sjekka, og det gjer me jo frå tid til annan. Det kan vera slikt som bilar utan korrekt registreringsskilt og bilførarar utan gyldig førarkort, seier Veseth.

Det var spesielt ein bil politiet såg etter, nemleg ein grøn Opel Corsa.

— Me har den siste tida fått meldingar frå Dale om ein bil som køyrer rundt utan skilt, og føraren skal etter det me forstår ikkje ha førarkort. Politiet tek imot tips om dette, for me ønskjer å ta ein prat med vedkommande, seier Veseth.