På Geitabakken er det tydelege spor etter bilkøyring inne på den gamle grasbana.

Politiet reagerer på tullkøyring

Politiet fortel at det i det siste har komme inn fleire meldingar om tullkøyring, særleg på Dale.

Politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved lensmannskontoret på Voss fortel at fleire av meldingane gjeld bilkøyring ved idrettsanlegget på Geitabakken.

God informasjon

Her er det merke etter burning på asfalten, og det er også spor etter at bilar har vore inne på den gamle grasbana og køyrt i ring der.

— Politiet har fått meldingar om uvettig køyring på Geitabakken, og me har god informasjon om bilførarar som kan stå bak dette. Me har allereie gjort forsøk på å komma i kontakt med desse, og dei kan pårekna å verta kontakta av politiet, seier Aarsand.

Det har vore bilar inne på den gamle grasbana på Geotabakken.

— Køyr fornuftig

Han slår fast at Geitabakken på ingen måte er tilrettelagt for å driva motorsport, og at ulovleg køyring både der og andre stader i Vaksdal kommune må stoppast.

— Politiet har ikkje alltid moglegheit til å rykkja ut, men me er klar over kva som føregår og før eller sidan vil bilførarar som driv med ugrei køyring få seg ei overrasking. Ein kan også bli overraska over kor lite enkelte hugsar når det kjem til kor tragisk det kan gå med ungdom og trafikk. Så mi klare oppmoding er å ta til vit og køyra fornuftig, seier Aarsand.

Påkøyrt hjort

Torsdag kveld sist veke vart ein hjort påkøyrt på E16 ved Helle.

— Først kom det melding om at ein hjort hadde forvilla seg inn i Helletunnelen. Så vart det opplyst at hjorten var ute av tunnelen, men like etter kom det melding igjen om at hjorten var påkøyrt. Viltnemnda var på staden og tok seg av dyret, opplyser Aarsand.

Ramponert bil

På parkeringsplassen mellom kyrkja og forsamlingshuset på Dale, står det no ein bil som er ramponert. Det har skjedd ein av dei siste dagane.

Vindauge er knuste i bilen, som ikkje har skilt. Aarsand seier at politiet ikkje kjenner til denne saka.

På parkeringsplassne mellom kyrkja og forsamlingshuset står denne bilen med knuste ruter.