Måndag  stod kommunevalet på timeplanen til elevane ved Stanghelle skule. Listetoppane som besøkte skulen var (f.v.) Kjartan Haugsnes, (SV), Erlend Hesjedal-Johannessen (H), Tom Charles Johnsen (MDG), Hege Eide Vik (Sp), Thor Andersen (Ap), Boris Groth (FrP) og Bjart-Magnus Rosvold (KrF).
Måndag stod kommunevalet på timeplanen til elevane ved Stanghelle skule. Listetoppane som besøkte skulen var (f.v.) Kjartan Haugsnes, (SV), Erlend Hesjedal-Johannessen (H), Tom Charles Johnsen (MDG), Hege Eide Vik (Sp), Thor Andersen (Ap), Boris Groth (FrP) og Bjart-Magnus Rosvold (KrF). Foto: Stanghelle skule

Politikarbesøk på skulen

Elevane i 2.–7. klasse ved Stanghelle skule hadde måndag besøk av listetoppane til kommunevalet.

Lærar Inge Magnar Hauståker fortel at heile skulen har jobba med valet.

– Elevane har lært om dei ulike partia og kva det vil seia å ta ulike val. Det har også vore fokusert på at me alle kan vera med å påverka om me vil. Før listetoppane kom til skulen vår, så laga elevane spørsmål som dei fekk stilla. Det var mange gode spørsmål og svar, og kanskje vart det tent ein politikar-gneist i nokre av elevane våre. Takk til listetoppane som kom på besøk, seier Hauståker.

Elevane stilte spørsmål om alt frå om listetoppane ønskjer å innføra ein leksefri skule til kva dei meiner om bompengar.

eh@vp.no