Profil Emballasje på Vaksdal vert lagt ned. Foto: Arkivfoto

Profil Emballasje legg ned på Vaksdal

Fabrikken til Profil Emballasje skal leggjast ned, og fabrikkbygningen på Brualeitet skal seljast. Øskjeproduksjonen vert avvikla, medan thermoformingsdelen skal flyttast til Hardanger Bestikk sine lokale i Kinsarvik.

— Me har fantastiske tilsette, og det er trist å dela ein sånn beskjed. Me har gjort det me kunne for å unngå dette, seier dagleg leiar i Profil Emballasje, Nils Henrik Møen.

Allmøte torsdag

Meldinga om at styret i Profil Emballasje har bestemt seg for å leggja ned verksemda på Vaksdal vart offentleggjort på eit allmøte torsdag.

— Øskjedelen vert lagt ned. Thermoformingsdelen har me bestemt at skal flytta inn til ledige lokale hjå Hardanger Bestikk i Kinsarvik.

Torsdag vart det klart at Profil Emballasje på Vaksdal skal avvikla produksjonen. Foto: Profil Emballasje

Åtte tilsette

Profil Emballasje har i dag åtte tilsette. To av desse er i administrasjonen. I tillegg er det to heile stillingar i thermoformingsdelen og fire heile stillingar i øskjedelen. Det er ikkje heilt avklart kva som skjer med alle dei tilsette.

Mista Hardanger Bestikk

Møen forklarar at verksemda gjekk med 1,2 millionar i underskot i fjor.

— Hardanger Bestikk var ein stor kunde innan øskjeproduksjonsdelen hjå oss som me i fjor mista, og me har ikkje har lukkast å erstatta dette. Me har hatt mange mindre produksjonar, og dei tilsette har gjort ein kjempejobb, men me har kome fram til at emballasjeproduksjonsdelen ikkje er levedyktig.

Han har likevel tru på at verksemda skal få til vidare satsing i Kinsarvik.

— Me gjer dette for å ta vare på thermoformingsdelen av produksjonen, og har eit ønske om å driva vidare med det framover, seier Møen.