Kortesjen på hjul 17. mai svinga også innom Dale. Fremst Leif Inge Larsen i ein Jaguar 1950-modell. Foto: Esben Hesjedal

Prosesjon på hjul svinga innom fleire bygder

17. mai var ei lang rekkje med ulike køyretøy med i ein prosesjon som starta på Vaksdal, men også tok turen til Stanghelle og Dale.

I mangel på folketog var det ei fin erstatning med to- og firehjulingar, som i ei lang rekkje presenterte seg for folk dei passerte i bygdene.

Leif Inge Larsen køyrde først i ein staseleg Jaguar MK V, 1950-modell, og rekkja bak var lang og inneheldt alt frå gamle og nyare bilar, motorsyklar og mopedar, til utrykkingskøyretøy og ein buss.

Sjå film frå då kortesjen var innom Dale under: