Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser at den psykiske helsetenesta blir meir operativ frå neste veke.

Psykiatri-tenesta jobbar heimanfrå

Personar som er tilknytt psykiatritenesta i Vaksdal kommune blir no følgt opp via telefon på grunn av koronautbrotet.

— Denne veke har dei tre som jobbar innanfor psykisk helse, i tillegg til psykologen, vore borte av ulike grunnar. Men planen er at dei skal ha heimekontor frå neste veke, seier kommuneoverlege Ole M. Thorseth.

Han fortel at dei personane som mottek hjelp frå psykisk helseteneste i Vaksdal framover vil bli følgt opp via telefon.

— Den psykiske helsetenesta blir meir operativ frå neste veke.

— Kva med dei med lettare psykiske lidingar, som gjerne slit ekstra på grunn av situasjonen rundt koronautbrotet?

— Me har førebels ikkje oppretta ein eigen telefon for dei, men det kan henda med gjer seinare. Eg veit ikkje kor mykje ressursar me har til det nett no. Dersom ein ringjer til koronatelefonen får ein også svar på det ein lurar på. Mange som er engstelege har fått god nytte av det tilbodet, seier Thorseth.

Nummeret til koronatelefonen er 453 77 777