UNNGÅ BYTUR: Toga til Bergen går, men folk i Vaksdal bør bli heime dei neste ti dagane om ein ikkje har heilt nødvendige ærend i byen, meiner kommunal kriseleiing i Vaksdal. (Arkivfoto)

Rår folk frå å reisa til Bergen

Vaksdal kommune oppmodar folk i kommunen å unngå reiser til Bergen som ikkje er heilt nødvendige dei neste ti dagane.

Det er i samband med at Bergen kommune har eit aukande tal koronasmitta og har innført fleire nye lokale korona-tiltak, at Vaksdal kommune kjem med denne tilrådinga.

I ein uttale frå KKL tysdag kveld heiter det vidare:

— Reiser ein kollektivt i Bergen, tilrår Bergen kommune reisande om å bruke munnbind på buss og bane i rushtida. Du treng ikkje medisinsk godkjente munnbind, og barn skal ikkje bruke munnbind.

Vi ber òg tilsette i kommunen som bur i Bergen, og kan jobba på heimekontor, om å jobba heimanfrå så langt råd er.

Vi minner òg alle om gode vanar som førebyggjer smitte:

— Nok avstand (minimum 1 meter)

— Unngå å handhelse

— Ha god handhygiene

— Bruk papirlommetørkle eller olbogekroken framfor munn og nase når du må hoste eller nyse

— Bli heime om du er sjuk