Illustrasjonsfoto.

E16 opna igjen etter ras ved Stanghelle

Politiet melde like før klokka 19 at var gått eit ras på E16 ved Stanghelle. Litt før klokka 20.30 opna vegen igjen.

– Entreprenør har rydda på staden. E16 i Vaksdal er opna igjen, opplyser Vegtrafikksentralen.

Det var like før klokka 19 at ein bilist melde inn at det var gått ras ved Hettetunnellene, mellom Stanghelle og Vaksdal.

– Det er gått eit ras i nærleiken av Stanghelle. Ingen er tatt av raset eller skadde, men vegen er stengt, melde politiet.

Vegtrafikksentralen opplyste at det var komme ned steinar ved Hettetunnelen. Entreprenør vart sendt til staden.

Det skal vera mindre steinar som kom ned i vegbana ved Hettetunnelen, som ligg sør for Stanghelle.

Også stengt ved Helletunnelen

Like etter klokka 19.30 melde vegtrafikksentralen at også Helletunnelen var stengt på grunn av fare for ras.

Politiet ønskjer at det ikkje står bilar i kø i området rundt Hettetunnelen, der det er rasfare. Ein rår frå at folk køyrer mellom Bergen og Voss onsdag kveld.

Også den vanlege omkøyringa via Hardanger, er stengt.

Det har i dag, onsdag. komme store nedbørsmengder og det er sendt ut varsel på oransje nivå for delar av fylket med stor fare for flaum.

Oppmoding frå politiet

Vest politidistrikt melder følgjande onsdag kveld:

Artikkelen held fram under annonsen.

– No regnar det kraftig her vest i landet, og stengte vegar vil ramme svært mange. Om du ikkje må ut å kjøre i kveld, så hold deg i hus med TV og ein boks brus. Naudetatar, kommunar og vegtrafikksentral har nok å gjere. Me treng minst mogleg trafikk på dette føret. Takk!