Stein, jord og tre sperrar Fv 5410 ved Yksendalen. Foto: Odd Inge Brønstad

Fylkesvegen i Eksingedalen opnar tidlegast onsdag

Seint laurdag kveld vart det meldt om eit steinras på fylkesveg 5410 i Eksingedalen. Etter ei synfaring søndag, er det bestemt at ei ny vurdering skal gjerast onsdag klokka 15.

Det vart først opplyst at det skal gjerast ei ny vurdering tysdag klokka 12.

– Siste oppdatering er at vêrmeldingane er slik at det vil verta gjort ei ny vurdering først onsdag klokka 15, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad til VP klokka 12.15 søndag.

Det er stein, jord og tre som har komme ned i vegbana. Raset har gått 200 meter før avkøyringa til Yksendalen, på Nesheim-sida.

— Raset er 10 til 15 meter i breidde og kring tre meter høgt. Det ser ut som at ein del av vegsikringa i betong er øydelagt, opplyser trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad ved vegtrafikksentralen.

Søndag var ein geolog på synfaring på rasstaden.

— Tilbakemeldinga etter at geologen hadde vore på staden, er at ein vil avventa med å gå inn i rasområdet til tysdag når vêret etter meldingane skal betra seg. Det vil vera risikabelt å setja i gang oppryddingsarbeid slik vêrsituasjonen er no. Ny vurdering er sett til tysdag klokka 12, seier Englaugstad.

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset like etter midnatt, natt til søndag.

Klokka 00.30 melde politiet at raset sperra heile vegen og at entreprenør var på veg til staden.

Omkøyring er vegen om Nesheimsfjellet til Evanger.