Ras: To store steinblokker raste ned i vegbana like oppom Straume på Fv 569 tysdag morgon. Foto: Sigve Dyvik

Fv 569 opna igjen etter ras

Fylkesvegen mellom Straume og Dalseid er open igjen, etter at den tysdag morgon vart stengt grunna at det kom store steinar ned i vegbana.

Vegen opna klokka 12.45.

Vegtrafikksentralen melde tysdag morgon at to store steinar låg i vegbana.

— Entreprenør jobbar med å få opna vegen. Asfalten har fått store sår frå steinblokkene. Det vil ta ei god stund før fylkesvegen kan opnast, melde vegtrafikksentralen klokka 07.33.

Hendinga skjedde ved Hetlevikneset, som er i bakken opp frå Straume i retning Dale.

Det vart tilkalt geolog for å vurdera rasfaren.

Det var lokale folk på veg til arbeid tidleg tysdag morgon som melde frå om hendinga.