Ein del stein kom ned i vegbana mellom Kuvika og Kulshamar. Foto: Arin Dyvik

Vegen opna etter ras ved Stamnes

Søndag kveld gjekk det eit mindre steinras ovanfor fylkesveg 569 mellom Kulshamar og Kuvika i Stamnes. Klokka 19.42 vart det meldt at vegbana var rydda.

– Over halvparten av raset gjekk i fjorden, medan resten ligg vegen. Dei største steinane er om lag like store som betongmuren mot fjorden. Eg såg på då det rasa, og staden der det løyste frå, fortel Renathe Vik som bur i området.

Raset gjekk klokka 18.35.

Raset trefte vegen midt i biletet. (Foto: Renathe Vik)

Trafikkoperatør Eirik Elnes i Statens vegvesen opplyste til VP klokka 19.10 at entreprenør var på veg til staden.

– I følgje meldingane me har fått, er det snakk om eit mindre ras som har losna nokre få meter over vegen. Vegfarande skal ha prøvd å rydda for å komma forbi, noko som ikkje høyres bra ut, sa Elnes.

Klokka 19.42 vart det meldt at raset var rydda og at fylkesvegen mellom skulen i Sanden og Stamnes sentrum var open igjen.