Eirik Verpelstad var mellom dei første som kom til brannstaden på Dale.
Eirik Verpelstad var mellom dei første som kom til brannstaden på Dale.

Redda ut bebuarane i Fabrikkvegen

Fleire frivillige gjorde ein stor innsats då det måndag kveld var full fyr i fleirmannsbustaden i Fabrikkvegen på Dale.

Elisabet og Ulf Schønning var aller først på staden.

– Me oppdaga flammane i huset, og Elisabet sprang inne i dei to leilegheitene der det ikkje brann og fekk ut dei to personane som budde der, seier Ulf.

Han fortel om ein uoversiktleg situasjon medan flammane lyste frå leilegheita som brann.

På joggetur

Eirik Verpelstad, som var saman med Esben Hesjedal på joggetur, kom også til staden før brannmannskapa.

Dei var på veg opp mot sentrum frå Dalegarden då dei forstod at noko alvorleg var i ferd med å skje.

Enorm røykutvikling

På veg opp Pakkhusbrekko vart dei obs på mykje røyk som steig opp bak Dale of Norway.

– Me forstod med ein gong at det ikkje var noko fabrikkpipe det rauk av, dette måtte vera ein brann så me sette opp farten, seier Verpelstad.

Då dei kom bort til tremannsbustaden mellom Daletunet og Dale of Norway, sprang dei to rundt huset. Frå messehagen på nedsida såg dei at det var flammar inne i leilegheita nærast Skyttarplassen, medan det på framsida steig opp kraftig røyk.

Sjekka kvar si leilegheit

– Me bad nokre andre som var der om å ta seg av ein person som me oppfatta budde i huset. Sidan me ikkje visste om det var folk i huset, så var me einige om at me måtte sjekka kvar vår leilegheit. Det var fort gjort, heldigvis. Me sprang gjennom alle romma i leilegheitene, som har to etasjar. Lukka nokre opne vindauge, slo av straumen og var svært glade for at me ikkje fann folk. Ein frå ambulansen prøvde så å opna døra til leilegheita der det var full fyr. Det måtte han raskt gje seg på, for det var altfor mykje flammar og røyk, fortel Verpelstad.

Brannmannskapa kom så til, og dei starta sitt arbeid.

– Det var heilt utruleg kor raskt brannen utvikla seg. No i ettertid er det berre å prisa seg lukkeleg for at dette gjekk bra, seier Eirik Verpelstad.

Arrestert

Lensmann Ivar Hellene stadfestar tysdag at ein lokal mann i 50-åra er arrestert i saka.

– Han er mistenkt for eldspåsetjing av ein av brannane, og det kan vera ein samanheng mellom brannane i huset i Fabrikkvegen og på stasjonen. Mannen skal etter planen avhøyrast i Bergen i dag, seier Hellene.

Han opplyser at politiet har starta granskinga av saka.

– Det skal gjerast taktisk og teknisk etterforsking, åstadgransking, sikring av bevis og avhøyr av vitne. Førebels ønskjer ikkje politiet å gå ut med for mange detaljar i saka. Det eg kan seia førebels, er at det er grunn til å tru at ein av brannane er påsett, og at det er ein samanheng mellom den i Fabrikkvegen og eldforsøka i stasjonsbygningen. Så håpar me at den vidare etterforskinga vil visa kva som har skjedd, seier Hellene.

Denne nettsaka vart endra tysdag kveld, då det kom fram nye opplysningar.

ms@vp.no