PROBLEM: Prosjektleiar Gunnar Søderholm (t.h.), her i samtale med dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen for to år sidan.

Rekk truleg ikkje planlagt byggjestart for K5

Det dreg ut med nødvendige godkjenningar frå departementet med tanke på vidare framdrift av prosjektet. Anleggsstart Arna-Stanghelle i slutten av 2022, som er og har vore målet, kan no synast vanskeleg.

— Det er å få ei godkjenninga av det såkalla styringsmålet vårt som me ventar på, som me purrar på og som me no ser at om me ikkje får det, så greier me ikkje å halda planlagt framdriftsplan, seier prosjektleiar for K5, Gunnar Søderholm til VP.

25 milliardar kroner

Styringsmålet er enkelt forklart prisen utbygginga vil kosta, og som ein treng ei godkjenning for før ein går vidare med det omfattande planarbeidet som endå må gjerast før «spaden» kan setjast i jorda.

Planprogram med styringsmål har planleggjarane hatt klart sidan slutten av 2018. Rekna om til 2019-prisar, så låg kostnaden i utgangspunktet på 25 milliardar kroner. Krav frå departement og regjering kom då om at ein måtte jobba for å få kostnaden ned mot 22,2 millionar kroner.

— Dette har me prøvd sidan, og hatt tre rundar med kostnadsgjennomgang. Konklusjonen vår no at den rette prisen er 25 milliardar 2019-kroner, seier Søderholm.

Han legg til at det er teke høgde for uvisse i kostnadene, så er ein heldig kan prisen bli lågare.

Treng svar før ferien

— Kor tid må du ha eit svar for at det framleis skal vera ein sjanse til å rekkja byggjestarten i 2022?

— Før me tek sommarferie om eit par veker, seier Søderholm.