Arbeid med rydding etter raset ved Kallestadsundet bru er måndag morgon sist helg. Foto: Torstein Mehus

Reknar med å opna fylkesvegen i dag

Fylkesvegen like ved Kallestadsundet bru vert truleg opna måndag.

Det opplyser fungerande byggjeleiar hjå Statens vegvesen, Åge Johan Fanebust, til VP i 09-tida.

— Ut frå dei tilbakemeldingane me har fått frå entreprenøren på staden, så ser det ut til at vegen kan opnast i løpet av dagen, seier Fanebust.

Raset ved Kallestadsundet bru so kom kring midnatt laurdag 15. februar, er stort. Foto: Torstein Mehus

Ei endeleg avgjerd vil truleg verta teken i 13-14-tida, og så håpar ein at vegen kan opnast seinare måndag.

— Det vert jobba med å etablera ein mindre rasvoll på oppsida av vegen. Permanent rekkverk på nedsida vil ikkje koma på plass heilt med ein gong, opplyser Fanebust.

Når fylkesvegen vert opna, vil det igjen vera vegsamband på strekkja Kallestadsundet bru til Toskedalen.

Kommunal veg framleis stengt

Den kommunale vegen til Kallestad nede ved fjorden er framleis stengt. Arbeidet med denne vegen startar idag, måndag. Foto: Torstein Mehus

Den kommunale vegen til Kallestad, er framleis stengt. Planen der er å starta rydding i dag, måndag.

Torstein Mehus i Vaksdal kommune fortel at det er ein god del arbeid som må gjerast før den kommunale vegen, nede ved fjorden, kan opnast.

— Førebels så veit me ikkje korleis vegbana under rasmassane ser ut. Planen er å starta rydding i dag, og så må me sjå kva som då viser seg. Det kan sjå ut som at ein del av vegen er gått med i raset, og at det må byggjast opp noko nytt, seier Mehus når VP snakkar med han måndag morgon.

Kan ta fleire dagar

Det vert ikkje opning av den kommunale vegen til Kallestad i dag, måndag. Det kan ta fleire dagar før denne vegen kan opnast.

— Det er nok såpass mykje som må gjerast at noko opning måndag ikkje er aktuelt. I tillegg til at det truleg må murast opp noko, må slikt som stikkrenner og anna reetablerast. Det har gått ras på same staden tidlegare, og då vart det sett opp ein mur. Murfoten ser ikkje så verst ut, men det må reetablerast ein del der, og dette vil naturleg nok ta litt tid, seier Mehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuleskyss på fjorden

Måndag morgon vart skuleelevar henta med båt og køyrt til Stamnes, der dei tok skulebussen vidare til skulen.