JOBB FULLFØRT: - Arbeidet med rivinga har gått som planlagt fortel anleggsleiar Henrik Brekke (t.h) og maskinkøyrar Leif Pettersen hjå Norsk Saneringsservice A/S. Her står dei på det som skal bli ungdomsskuleelevane sitt nye uteområde. I bakgrunnen ser ein delar av nye Dale skule.

Resten av gamleskulen på Dale er riven

Det siste gamle skulebygget på Dale er rive. No vert det jobba med å rydda tomta, og grava opp kjellaren med mellom anna det gamle auditoriet.

FJERNAR MASSAR: Denne veka vart bygningsmassar frå skuletomta grave opp og køyrt bort.

— Auditoriet, garderobar og andre fellesrom i kjellaren må også fjernast, fortel anleggsleiar Henrik Brekke hjå Norsk Saneringsservice A/S då VP møtte Brekke og maskinkøyrar Leif Pettersen på tomta i Dalseidvegen.

Det siste gamle bygget, E-bygget, der ungdomsskulen siste skuleåret hadde undervisinga, har blitt fjerna av Pettersen og ein maskinførarkollega. Resten av jobben består i å rydda tomta, kjellaren vert graven opp og rydda. Betongavfallet skal skipast ut frå Stanghelle til mottakar i Nederland.

Så kjem andre firma til og fyller det heile opp att og lagar nytt uteområde til ungdomsskulen, som skal vera ferdigstilt i løpet av september månad.

LIKE FØR: Slik såg det siste, gamle skulebygget ut like før rivinga tok til.
RIVING: Bygget ut mot Dalseidvegen vart rive av store gravemaskiner.
STØV: Det vart brukt vatn for å redusera støyplagene under rivinga.