annonse

Rom på Dale

Skråblikk
Skråblikk: Jan Per Styve deler sine skråblikk med VP sine lesarar. (Foto: Illustrasjon)

Det er ikkje få som reiser til og frå Dale kvar dag. Mange av dei skal på jobb i Heradshuset. Dei kjem med toget frå bydn, og fer heim att om ettermiddagen. Ingen av dei søv på Dale. Slik går dei glipp av å oppleve kvardagen på Dale – butikken, idrettslaget, Mannskoret, kafeen, foreldremøta på skulen og dugnaden saman med naboane.

Om dei i det minste vil ta seg ei natt på Dale, så er det både rom og senger til leige – slik det er både for tilreisande og for dei som har stelt seg dårleg og blitt kasta ut heime. Dale har alltid hatt rom å tilby – fleire før enn no.

Mange hugsar Hotellet, som låg der parkeringsplassen ved Petersens Handleri er no. Gullachsens Hotell heitte det då det vart etablert i 1899. Sidan heitte bygget berre Hotellet, også lenge etter at hotelldrifta tok slutt.

Dei siste som dreiv der var Indremisjonskafeen. I kjellaren var det kiosk og seinare skobutikk. Vedå Cafe og Pensjonat bak Handelsforeninga dreiv romutleige lenger enn Hotellet, men huset forsvann då det kom ny veg og ny bru over jernbana.

Pensjonatet var ein velkjent overnattingsstad på Dale. Hybelhuset vart det også kalla, fordi det var både pensjonat og hybelhus. Det vart bygd av Fabrikken i 1949, sikkert for å avhjelpe eit prekært behov for husrom til nye arbeidsfolk i fabrikken. Her var det både leilegheiter, hyblar, pensjonatrom – og ikkje minst selskapslokale.

Det er ikkje få par som gjekk hit frå kyrkja for å feire, etter at presten hadde erklært dei for rette ektefolk å vere, og etter at dei hadde vore innom fotograf J. A. Vik for å ta brudebiletet. Seinare kunne barna deira gå i barnehagen til tante Liss i kjellaren – også den etablert av fabrikken.

I våre dagar er det kanskje dei same barna som no går og drikk øl i dei same lokala, hjå Dale Vertshus. Men om dei ikkje tør å gå heim etterpå, så er det ikkje lenger mogleg å få rom der utan avtale på førehand. Då lyt dei gå heilt ned på Kalvakroken til Elvahuset. Det er dei som no har tatt over hotelltradisjonen på Dale.

Eller så lyt dei søkje på nettet etter rom på Airbnb. Men då lyt dei gå endå lenger. Dei einaste tilboda nær Dale på Airbnb er visstnok på Fosse og på Helle. Til dei er komme dit, er dei nok kvikna såpass til at dei like godt kan gå heim att til eiga seng.

janperstyve@gmail.com

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.