Romjulsmarsj på Dalebryggja Foto: Esben Hesjedal

Romjulsmarsj i kaldt vintervêr

Bra med folk både frå Stanghelle og Dale deltok på romjulsmarsjen 2. juledag.

Romjulsmarsj på Dalebryggja Foto: Esben Hesjedal

Dale IL og Stanghelle IL samarbeidde som dei har gjort dei siste åra om arrangementet. Folk gjekk frå kvar si bygd, og møttest på Dalebryggja. Der var det varm gløgg og saft, peparkaker og dei yngste kunne grilla marshmallow på ei bålpanne.

Romjulsmarsj på Dalebryggja Foto: Esben Hesjedal

Spørsmål

Langs gamlevegen var det quiz-spørsmål, både for små og store. Her kunne ein pønska på alt frå kor mange ski-/hoppbakkar det var på Dale i gamle dagar og kor lang brua på Stanghelle er, til kva jubileum Dale IL og Stanghelle IL feira i år.

Eller kva med kor mange kommunar Vaksdal grensar til, kor «Flaskå» på Dale ligg eller kor mange ruter det er ein ein stor melkesjokolade?

Romjulsmarsj Foto: Esben Hesjedal

Fleire enn i fjor

Anniken Svensson i dale IL var mellom idrettslagsfolka som sytte for både organisering og servering på Dalebryggja.

— Det er kjekt at det er så mange som deltek. Eg har ikkje noko tal på kor mange som er med, men det er iallfall fleire i år enn i fjor, sa Svensson.

Klart vintervêr

Romjulsmarsj på Dalebryggja. Foto: Esben Hesjedal

Humøret til deltakarane på romjulsmarsjen var godt, og mange nytta sjansen til å slå av ein prat både med sambygdingar og folk frå nabobygda før ein sette kursen heimover i den klare vinterlufta.

Svar

Er du av dei som irriterer over kva som var rette svar på quiz-spørsmåla oppe i teksten?

Svara kan du sjå på biletet under.

Fasiten på quiz-spørsmåla. Foto: Esben Hesjedal