Brannmannskap frå Dale rykte tysdag morgon ut til ei trafikkulukke på E16.

Bil køyrde av vegen ved Hettetunnelen

Tysdag morgon rykte naudetatane ut til ei trafikkulukke ved Hettetunnelen.

Klokka 07.26 melde politiet:

– Melding om trafikkulukke ved Hettetunnelen på E16. Ein bil er invovlert, naudetatane er på veg. Skadeomfanget er ukjent. Det er stans i trafikken på staden.

Klokka 07.40 melde politiet at ambulanse og brannmannskap var framme på staden.

Ulukka skal ha skjedd på Vaksdal-sida av tunnelen, som ligg mellom Stanghelle og Vaksdal. Det snør i området.

Klokka 08.00 opplyser vaktkommandør Ole-Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen til VP at føraren av bilen er frakta til sjukehus.

– Dette er ei singelulukke der ein bil har køyrt av vegen. Det skal ikkje vera så store skader på køyretøyet, og trafikken vert no dirigert manuelt forbi ulukkesstaden, seier Hartvigsen.