Brannvernet rykte laurdag kveld ut til ein automatisk brannalarm i Elvevegen. Det viste seg å ikkje vera noko brann. (Illustrasjonsfoto)

Rykte ut til Elvevegen

Laurdag kveld rykte brannvernet ut til ei melding om brann i Elvevegen på Dale.

– Det var ein automatisk brannalarm i Elvevegen bufellesskap. Då brannmannskapa frå Dale kom fram vart det raskt klart at det ikkje var noko brann, opplyser fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen, Morten Frantzen.

Han seier at brannmannskapa skal gjera nokre undersøkingar på staden, før ein kan returnera til brannstasjonen.

110-sentralen fekk melding i 18.15-tida laurdag.