Valvake Mobryggja
Valvake Mobryggja

Samlingslista størst i Modalen

Klokka 21 viste dei førebelse oppteljingstala i Modalen ein klar framgang for Samlingslista.

54,4 % av røystene hadde veljarane gjeve til Samlingslista, medan Solrenningslista hadde fått 45,6 %.

I reine stemmetal betyr det at Samlingslista har fått 112 røyster, medan Solrenningslista har fått 94 stemmer.

Det er ein framgang på 9,6 prosentpoeng for Samlingslista, og naturleg nok ein tilbakegang på det same for Solrenningslista.

Frammøteprosenten er 73,9 %.

Det kan komma førehandsstemmer inn til kommunen innan klokka 17 tysdag, som kan endra på resultatet.

eh@vp.no