Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser torsdag ettermiddag at det har komme seks nye smittetilfelle i løpet av dagen. (Arkivfoto)

Seks smittetilfelle torsdag

Torsdag ettermiddag er det komme tre nye smittetilfelle i Vaksdal kommune. Saman med dei tre som vart kjent tidlegare torsdag, er det seks nye tilfelle i løpet av dagen.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth vedgår at dette er mykje.

— Ja, det er mange. I det siste tidsvindauget på ti dagar, har me altså fått stadfesta 19 koronasmitta. Men ein ser at også i andre kommunar kjem det relativt mange positive testar.

Yngre folk som er smita

Når det gjeld dei tre nye tilfella torsdag ettermiddag, seier Thorseth at det er yngre folk.

— Desse har tilknyting til skulemiljøa og familiane deira. Dei fleste som er smitta den siste tida er venner eller familie til skuleelevar, og det er jo ikkje unaturleg at det blir slik når ein først får smitte i eit slikt miljø. I tillegg så har ein nokre enkelttilfelle, der det er grunn til å tru at folk har blitt smitta i Bergen, seier kommuneoverlegen.

Kan stiga ytterlegare

Han blir ikkje overraska om smittetala vil stiga ytterlegare framover.

— Det har blitt tatt svært mange testar den siste tida, og me ventar svar på mange. Det tek om lag tre dagar å få svar på ein prøve, seier Thorseth.

— Har kontroll

Sjølv om det kan vera grunn til å vera uroa over situasjonen i Vaksdal kommune, så meiner Thorseth at ein har kontroll på situasjonen.

— Me har ingen alvorleg sjuke, så langt eg veit, og det vert jobba godt med smittesporing og testing. Det at me har unngått å få smitte inn på sjukeheimane, er også viktig. Det er mange i karantene i ulike sektorar, også i helse og omsorg, så me er litt på alerten angåande dette. Samla sett så føler eg at me har kontroll på situasjonen, seier kommuneoverlege Ole M. Thorseth