Fotograf Arne Årseth frå Studio Nordhordland forevigar det avtroppande kommunestyret i Modalen.
Fotograf Arne Årseth frå Studio Nordhordland forevigar det avtroppande kommunestyret i Modalen.

Siste dag i lokalpolitikken for denne gjengen

– Litt vemodig er dette, vedgjekk ordførar Tom Kristian Thorsen (Solrenningslista) før han slo klubba i bordet og avslutta sitt siste kommunestyremøte i Modalen sist torsdag.

Sidan var det fotografering og lønsj på Mobryggja for dei avtroppande lokalpolitikarane.

Mange kan bli med vidare

Så mange av dei som sluttar treng det likevel ikkje vera. 10 av dei 13 folkevalde er listekandidatar til det nye kommunestyret.

– Eg synest det er flott at så mange ønskjer å vera med vidare. Kontinuitet er viktig, samstundes som ein også må passa på å engasjera nye i lokalpolitikken: Her i Modalen greier me begge delar, sa ordførar Thorsen før han delte ut blomar til kommunestyremedlemene.

Godt samarbeid i ein god tone

Thorsen, som altså har takka nei til attval, fortalde om ein gjevande fireårsperiode som ordførar.

– Eg synest det har vore ei fin tid med godt samarbeid mellom engasjerte politikarar, sa Thorsen.

Ordførar Tom Kristian Thorsen (t.h.) delte ut blomar til det avtroppande kommunestyret. Mottakar på biletet er Roger Fure (Samlingslista)
Ordførar Tom Kristian Thorsen (t.h.) delte ut blomar til det avtroppande kommunestyret. Mottakar på biletet er Roger Fure (Samlingslista)

Varaordførar Kristin Nåmdal (Samlingslista) stadfesta dette då ho takka ordføraren tilbake. Ho meinte at lokalpolitiske skiljelinjer ikkje er særleg synlege i Modalen.

– Me har hatt eit godt samarbeid ordføraren og eg, sa Nåmdal, før også avtroppande superveteran Sigmund Vikane, med fleire periodar bak seg som folkevald, tok ordet og takka og ønskte lukke til vidare.

Utanom Vikane og Thorsen, så er Frank Stian Steinsland den som garantert ikkje vert med vidare til det neste kommunestyremøtet. Dei tre representerer Solrenningslista, og er dei tre einaste av dagens kommunestyremedlemer som ikkje står på ei av vallistene.

ms@vp.no