Slik kjem nye Dale stasjon til å sjå ut ifølgje ei skisse frå BANE NOR.
Slik kjem nye Dale stasjon til å sjå ut ifølgje ei skisse frå BANE NOR. Foto: Illustrasjon

Sjå film av nye Dale stasjon

Her kan du sjå film av korleis nye Dale stasjon er tenkt å sjå ut i framtida.

Bane NOR ønskjer å fornya Dale stasjon. I planarbeidet er det laga ein animasjons-film for å visa korleis ein ser for seg at stasjonsområdet skal bli.

Folkemøte

Nyleg var det eit folkemøte om Dale stasjon, der 15 personar møtte opp. Dei hadde mange spørsmål om prosjektet.

– Eg hadde inntrykk av at møtet gjekk greitt. Deltakarane verka interesserte og nysgjerrige, i tillegg kom dei med ein del spørsmål, seier prosjektleiar Catherine Holter i Bane NOR.

Folkemøtet vart nyleg arrangert i samband med at planforslaget frå Bane NOR om nye Dale stasjon er sendt ut på høyring.

Planen inneber mellom anna nye og lengre plattformer på stasjonen og ei overgangsbru mellom desse.

– Dei som deltok på folkemøtet var til dømes opptekne av fløyta frå dei nye toga, og det er noko me kjem til sjekka ut. Dei var også opptekne av tryggleik, og spurde om det ville komma mellombels sikring av planovergangen som er der i dag før oppgraderinga kjem. Me tenkjer at det ikkje er lenge til me får på plass den nye overgangen, så me kjem truleg ikkje til å gjera meir før det, seier ho.

Uavhengig av K5

Holter fortel at eit anna spørsmål gjekk på om stasjonsprosjektet hadde teke omsyn til ny jernbane Arna-Stanghelle, men ho fortalde at prosjekta er planlagde uavhengig av kvarandre.

– Nokre av dei som bur i Kalvekroken spurde også om kva følgjer det vil få for dei at delar av vegen blir omgjort til gang og sykkelveg og stengt for normal trafikk. Me svarte at det som vil skje er at dei får litt lenger køyreveg, men at servicebilar og utrykkingskøyretøy kjem fram, fortel Holter.

Doble togsett

På møtet vart det gjennomgått mål og plan for prosjektet, som legg opp til to nye sideplattformer på stasjonen på 250 meter.

Dette gjer at både FLIRT-tog og regiontog kan stoppa ved begge plattformer. Plattforma ved dagens spor 1 vert forlenga i retning mot Dale sentrum med om lag 50 meter. Sør for spor 2 vert det bygd ei ny plattform som strekkjer seg litt vest frå det gule godshuset og 250 meter mot sentrum.

Bane NOR har også lagt opp til ei overgangsbru, og har tidlegare sagt nei til Vaksdal kommune og lokalpolitikarane sitt ønske om undergang. Brua vert mellom 11 og 12 meter høg frå plattforma til toppen av heishuset, og er planlagt med trapper og heis.

Må bli godkjend

Planforslaget skal til handsaming i Vaksdal kommune etter høyringa.

– Me håpar det blir godkjent i løpet av hausten, slik at me kan ta ei avgjerd i Bane NOR før jul og starta prosessen med å gjennomføra prosjektet.

Etter planen skal byggjeprosessen vera ferdig, og dei nye plattformene og overgangsbrua vera ferdig til å takast i bruk innan utgangen av 2022.

– Etter at reguleringsplanen er godkjend av Vaksdal kommune, vil Bane NOR tilrå at ein går vidare til bygging, men det er Jernbanedirektoratet som tek investeringsavgjerda. Så skal det lagast ein byggjeplan i løpet av andre halvår i 2020 før sjølve bygginga startar, seier Holter.

knt@vp.no