Vaksdal sjukeheim er no stengt for besøkjande. Dette forå redusera faren for koronasmitte.

Sjukeheimane stengjer for besøk

Sjukeheimane på Dale og Vaksdal er stengde for besøk. Dette gjeld ikkje for pasientar som er i livets siste fase.

Det opplyser Vaksdal kommune onsdag.

– Institusjonane våre blir stengde for besøk inntil vidare. På grunn av betydelig Covid 19- smitte i kommunen blir Daletunet og Vaksdal sjukeheim stengt for besøkande, opplyser kommunen.

Rådmann Atle Fasteland understrekar at det gjeld eigne retningslinjer for dei som er i livets siste fase.

– Me har eigne reglar som gjeld for besøk til dei som er døyande. Det har me hatt heile tida. Alle dei det gjeld, har fått tilrettelagt for besøk i denne siste fasen. Me vil ikkje lata nokon døy åleine utan sine næraste rundt seg, seier Fasteland.

Det vart onsdag morgon opplyst om fire nye smittetilfelle i Vaksdal kommune. Dette i tillegg til dei åtte som var meldt mellom torsdag og søndag sist veke,

– Vi held på med smitteoppsporing, og stengjer no for besøk for å forhindra smitte på institusjonane våre. Stenginga gjeld frå no, melder kommunen.

Daletunet er no stengt for besøkjande. Dette forå redusera faren for koronasmitte.