SLEPP BETALING: Foreldra til borna som brukar skulefritidsordninga slepp å betala for slikt når ordninga er stengt, vert det presisert i ei melding frå Vaksdal kommune. Biletet er av årets 1. klassingar på Stanghelle skule. (Arkivfoto)

Skal ikkje betala for SFO og barnehage

Vaksdal kommune vil ikkje krevja betaling for barnehage og skulefritidsordning (SFO) når tilbodet er stengt.

Truleg er dette noko som vert oppfatta som sjølvsagt, men no er det også presisert i ei melding frå Vaksdal kommune.

Her heiter det mellom anna:

— Ein får kreditnota for faktura for mars, så denne skal ein ikkje betala. Om ein allereie har betalt vert dagane det har vore stengt trekt ifrå på faktura i april.

Ein får ny faktura for mars tilpassa dei dagane SFO og barnehagane var opne.

Kommunen vil heller ikkje ta betalt for omsorgstilbodet i perioden.