Nok ein båt har gått ned ved kai ved motorverkstaden på Stamnes.
Nok ein båt har gått ned ved kai ved motorverkstaden på Stamnes. Foto: Magne Solhaug

Skøyte sokk ved Stamnes Motorverkstad

På ny er dei gamle båtane som ligg i sjøen ved Stamnes Motorverkstad utsette for havari. Fredag kveld sokk ei av skøytene.

– Me rykte ut og var på plass her litt før halv sju, men det er lite anna me kan gjera enn å leggja ut lenser. Skøyta er sokken, men du ser i den like under vassflata, fortel brannkoordinator i Vaksdal brannvern, Brede Tjønneland til VP.

Det var tre båtar som låg ved verkstaden no. Den store fraktebåten Eide senior ved kai, og to mindre skøyter mellom denne båten og den såkalla oljekaien. Det er ein av desse mindre skøytene som no har sokke.

Dette er fjerde forliset som har skjedd ved verkstaden sidan tusenårsskiftet. Ein av dei var totalhavari, nemleg fraktebåten Fjordbuen ligg på botn den dag i dag. Iherdig innsats frå eigaren og brannmannskap hindra at seinare at Nesheim og Anders Bas totalhavarerte. Men med denne fjerde ser det verre ut.

– Det er vanskeleg å seia i kveld i mørket, me lyt venta med ein endeleg status til det lysnar, seier Tjønneland.

Det er ikkje meldt om nokon form for personskade i samband med hendinga.

Brannmannskap i arbeid med å leggja ut lenser.
Brannmannskap i arbeid med å leggja ut lenser. Foto: Magne Solhaug
Mannskap frå brannvernet jobba fredag kveld med å leggja ut lenser ved Stamnes Motorverkstad.
Mannskap frå brannvernet jobba fredag kveld med å leggja ut lenser ved Stamnes Motorverkstad. Foto: Magne Solhaug

ms@vp.no