E16 var stengt ved Bogatunnelen. (Illustrasjonsfoto)

E16 opna igjen etter skredalarm ved Bogelia

Måndag ettermiddag var E16 stengt ein kort periode etter at ein skredalarm var utløyst over vegen på Boge.

– Vegen er stengt i begge retningar. Ein alarm frå ein skredsensor i fjellsida er utløyst. Det er ikkje observert nedfall eller ras. Entreprenør er på staden for å vurdera alarmen, melde politiet klokka 16.15.

Litt etter melde politiet at ein var på veg til staden for å sikra at ikkje køyretøy køyrde forbi sperringane ved Langhelle- og Bogatunnelen.

Klokka 16.30 vart det meldt at vegen var opna igjen.

– Entreprenør på staden melder at alarmen er utløyst på grunn av kraftig nedbør og ikkje nedfall eller ras. Vegen er open for fri ferdsel, melde politiet.