Mo sentrum. Foto: Nese Media

Slik er valresultat i Modalen

Klokka 21 valkvelden var valresultatet for Modalen kommune klart. Sp vart største parti, trass nedgang, medan Arbeidarpartiet gjekk mest fram.

Ordførar Kjetil Eikefet fortel til VP valkvelden at han er godt fornøgd med valresultatet i Modalen, og også slik det ser ut til å verta på landsbasis. Eikefet er valt inn i kommunestyret for den upolitiske Samlingslista, men er medlem i Arbeidarpartiet.

Fornøgd med Ap

Ap fekk 22,3 % i Modalen, noko som er 5,4 % meir enn ved stortingsvalet for fire år sidan.

– Eg er fornøgd med at Ap gjer det bra her i Modalen. Også på landsbasis, slik det no ser ut, så er det positivt, synest eg, smiler Eikefet.

I Modalen går Senterpartiet tilbake med 6,7 %, men er framleis største parti med 32,4 % oppslutnad.

– Eg er litt overraska over tilbakegangen til Sp her i Modalen, men det følgjer kanskje litt trenden ein såg på slutten av valkampen, seier Eikefet.

– Gjekk greitt

Når det gjeld gjennomføringa av valet, så gjekk alt greitt på Mo.

– Ja, vallokala stengde klokka 18, så me hadde grei tid til å få talt opp stemmene. Som vanleg gjekk det greitt, og me var ferdige i god tid til å melda inn før klokka 21.

Valresultatet for Modalen (2017-valet i parentes):

SP 32,4 % (39,2 %) - 6,7

AP 22,3 % (17,0 %) + 5,4

Høgre 13,3 % (16,5 %) - 3,2

Artikkelen held fram under annonsen.

FrP 6,4 % (8,5 %) + 2,1

KrF 6,4 % (5,7 %) + 0,7

SV 4,5 % (3,8 %) + 1,0

MDG 3,7 % (3,5 %) + 0,4

Raudt 3,7 % (1,4 %) + 2,3

Venstre 2,1 % (2,4 %) - 0,2

Helsepartiet 1,6 % (0,0 %) + 1,6

Demokratene 1,1 % (0,0) + 1,1

Industri- og Næringspartiet 1,1 % (0,0 %) + 1,1

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 0,5 % (0,0 %) + 0,5

Artikkelen held fram under annonsen.

Partiet Dei Kristne 0,5 % (0,1 %) - 0,4

Blanke 0,5 %

189 innbyggjarar i Modalen brukte røysteretten. Frammøtet var 78 %, mot 80,1 % i 2017.