17. MAI 2021: Elevar frå skulen har bidratt med både teikningar og kunstverk til 17. mai-feiringa på Vaksdal.

Slik vert 17. maifeiringa i Vaksdal og Modalen

Koronapandemien gjer at det også i år vert ei heilt anna 17. mai-feiring rundt om i bygdene enn det som før var vanleg. Men feiring vert det, og det meste kan ein få med seg via VP.no frå morgonen på grunnlovsdagen og utover dagen.

VP har snakka med folk i representantar for 17. mai-nemndene i bygdene. Her er noko av det dei har fortalt som skal føregå, basert på smittesituasjonen slik den er i .

Vaksdal

Skulen og barnehagen er engasjerte og har vore med i førebuingane, dei har teikna og laga kunstverk som vil bli vist dels på Vaksdal Senter og dels plassert langs tur- og aktivitetsløypa som går der prosesjonen og fakkeltoget til vanleg går. Prosesjon vert det også, men berre med bilar og motorsyklar i kortesje som køyrer rundt om i bygda. Planen er også at prosesjonen skal svinga innom Dale og Stanghelle.

Ei rekkje innslag vert digitale, anten i form av direktesendingar eller førehandsinnspelingar, mellom anna tale for dagen ved ordførar Hege Eide Vik, kransenedlegging og kveldsmarkering med trekning av basar og annonsering av vinnarar av konkurransar. Borna har på førehand spelt inn hurrarop digitalt, også her skal vinnarar kårast.

17. MAI 2021: Ole Erstad med Ford Taunus’en frå 1970. Han er ein av mange som skal delta i bilkortesjen. (Foto: Linda Lien)

Stanghelle

Is og brus til skuleborna og såpebobler til dei unge i barnehagen, som skal feira på førehand, har 17. mai-nemnda og butikken sponsa. Dei same borna er utfordra til å laga videohelsingar, som blir lagt ut mellom anna på vp.no.

Foreldre til 2. og 7.-klassingane skal syta for 17. mai-pynt rundt om i bygda, og på butikken har ein laga til ein 17. mai- tippekonkurranse.

Dale

På Dale vert det eigne 17. mai-markeringar for skulen og barnehagen i skuletida. Digitale innslag frå kransenedlegging, song og 17. mai-teikningar frå borna, vil dukka opp på mellom anna vp.no.

Gatå og sjukeheimen skal bli 17. mai-pynta.

Modalen

17. mai-nemnda, i samarbeid med Nese Media, kan presentera eit innhaldsrikt program også frå Modalen. Det startar med 17. mai-pynta traktorar og brannbilar i kortesje gjennom dalen. Det vert kransnedlegging ved minnestøttene ved kyrkja og Olav Nygard-støtta. Tale for dagen ved Ove Eidsnes, alt saman filma og lagt ut i eig digital sending på nettet.

På ettermiddagen er det 17. mai-markering utanfor Modalstunet med song, musikk og diktlesing.

Stamnes

Etter gudsteneste og kransenedlegging planlegg ein eit mindre 17. mai arrangement, i hovudsak for borna, på plassen mellom kyrkja og bedehuset på Stamnes. Her vert det mellom anna leikar og premieutdeling. Ja-prisen skal også delast ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal også lagast digitale 17. mai-innslag frå Stamnes, og Blanke Messingen skal spela ulike stader i bygda.

Eksingedalen

17. MAI 2021: 17. mai-arrangørane i Eksingedalen, Anna Sveinungsdotter Bergo (t.v.) og Hege Marie Lavik, her saman med åtte år gamle Linea, gler seg alle til feiring av dagen på Lavik . (Foto: Fazel Ramazan)

I Eksingedalen snakka ein først om å avlysa 17. mai-feiringa heilt, men småbarnsmødrene Anna Sveinungsdotter Bergo og Hege Marie Lavik ville det annleis. På Lavik ved butikken, med kort veg til isboksen, vert det ei annleis 17. mai feiring også i Eksingedalen. Men, eit folketog får ein likevel til, kohortvis — fram og attende frå butikken til Rutlatunet.

Rebus, gjettekonkurransar og leikar vert det også på 17. mai arrangementet på Lavik.

— Me oppmodar om at ein må halda seg kohortvis eller med husstandsmedlemmene sine, halda avstand, og sprita hendene, så kjem dette til å gå så fint så, lyder meldinga frå Anna og Hege Marie, årets 17. mai-arrangørar i dalen.

Bergsdalen

I år som i fjor legg ein i Bergsdalen opp til markering av nasjonaldagen i ei tilskiping ved kyrkja. Her vert det mellom anna kransenedlegging på minnestøtta etter bergsdølen Tor Kyrkjeteig, som mista livet i kamp mot tyskarane i starten på 2. verdskrigen.

Eidsland

På Eidsland legg ein opp til ei mindre utandørs 17. mai-feiring ved grendahuset. Arrangementet startar ein time etter at gudstenesta er over. Her vert det ymse aktivitetar og innslag med mellom anna 17. mai-tur Åsen rundt, Eidslandsmeisterskap i spikarslag. Ta med hammar, lyder oppmodinga, og sjølvsagt 17. mai-kiosk med is og brus.

17. MAI 2021: Barnehagen på Vaksdal har laga flagg av 300 yoghurtbeger. Dette er også del av eit gjenbruks-/miljøprosjekt, (Foto: Linda Lien)
17. MAI 2021: Steinane er måla av dei eldste barna i barnehagen, og skal leggjast ut langs tur- og aktivitetsløypa. (Foto: Linda Lien)