TRAVEL: - Å vurdera smitteverntiltaka er noko som rådmann Atle Fasteland for tida brukar mykje tid på. (Arkivfoto)

Smittevernreglar som no minst ut veka

Vaksdal kommune vidarefører dagens strenge smittevernreglar minst ut denne veka.

Det er meldinga som rådmann Atle Fasteland kjem med til VP måndag ettermiddag.

Håpar på langsam opning neste veke

— Dette er det same som andre nabokommunar til Bergen har gjort, og i kriseleiinga til kommunen er det stor semje om at dette skal også me følgja. Dei klare råda frå kommuneoverlegen vår er då også at me no ikkje må letta på tiltaka, sjølv om det er positiv utvikling med mindre smitte lokalt enn det var tidleg i bølgje to, seier Fasteland.

— Kva tenkjer du om neste veke?

— Eg tenkjer at greier me å halde unna og unngå meir smitte, så kan det bli aktuelt å langsamt opna lokalsamfunnet vårt igjen. Men det skal frykteleg lite til for at det må skrinleggjast og at dagens strenge tiltak lyt vidareførast også etter 6. desember.

Opnar for besøk på sjukeheimane.

— Dette er opp til oss sjølve

Fasteland minner også om at erfaringa viser at dei største sjansane for smitte finn ein no i dei nære relasjonar.

— Så å avgrensa besøk i heimane, og å ha sosial kontakt med færrast mogeleg personar er avgjerande, pluss at ein sjølvsagt må følgjer reglane om bruk av munnbind, halda avstand, vaska hender med meir, seier Fasteland.

Seinare i veka skal Vaksdal og andre nabokommunar ha møte med Folkehelseinstituttet for å drøfta situasjonen, og for å få råd om korleis ein legg opp den vidare kampen mot koronasmitta.

— Jula nærmar seg fort, men håpet om å kunna ha ei tilnærma normal jul er der framleis, men då må alle bidra slik at julehøgtida kan feirast med låg smitterisiko, seier rådmannen.

Eitt nytt smittetilfelle laurdag.