annonse

Søstrene som vil inn i lokalpolitikken

KLARE
KLARE: Lisa Natalie Johnsen Lunde (Ap), Amalie Johnsen Lunde (H) og Inger-Helene Nummedal (Sp) er alle klare til å vera med å styra Vaksdal kommune. (Foto: Magne Solhaug)
FRISKE DISKUSJONAR
FRISKE DISKUSJONAR: Det kan gå høglydt for seg når dei diskuterer. Frå venstre Amalie Johnsen Lunde, Inger-Helene Nummedal og Lisa Natalie Johnsen Lunde. (Foto: Magne Solhaug)

Dei er tre søstrer på tre forskjellige partilister som alle meir enn gjerne tek ein plass i det nye kommunestyret i Vaksdal.

Magne Solhaug

– Å ja – eg blir so skuffa om eg ikkje kjem inn. Det blir den nedturen, seier den truleg mest utsette av dei, Lisa Natalie Johnsen Lunde, på 12.-plass på Arbeidarpartiet si liste.

Støttar kvarandre

– Ho er flink, ho burde absolutt fått ein plass høgare oppe på lista, meiner storesøster Inger-Helene Nummedal, sjølv på 5.-plass på Senterpartiet si liste.

– Einig i det, men ho har seg sjølv å takke for det, presiserer veslesøster Amalie, som med sin kumulerte 2.-plass på Høgre-lista er det sikraste kortet av dei alle. Trygg plass, som det heiter.

– Ja, for då dei spurde meg i Arbeidarpartiet så sa eg OK til ein plass langt ende på lista. Men så, då eg fekk sett meg litt meir inn i politikken og programmet, så ville eg gjerne høgare opp på lista, men då var det for seint. Vallista var sett opp. Så då får eg satsa på mange ekstra kryss og slengjarar. Eg er veldig mottakeleg for slikt, smiler Lisa.

Ferske i politikken

– De er tre søstrer som alle debuterer i lokalpolitikken samstundes. Korleis har det seg?

– Litt tilfeldig nett det, trur dei alle.

Storesøster Inger fortel at ho har vore politisk interessert heilt sidan barneskulen.

– Eg hugsar at mamma og eg sat oppe på kveldstid og såg på EU-valet ein gong på 90-talet. Det var så spennande og det vart veldig seint før me gjekk og la oss. Forsov meg skikkeleg til neste skuledag, og då skreiv mamma i meldingsboka: Inger kom seint på skulen i dag fordi ho sat oppe og såg på EU-valet i natt.

Ueininge politisk

Amalie har vore aktiv i studentpolitikken i fleire år, medan Lisa fekk seg eit politisk liv ganske så bråfort, gjennom tillitsverv i Fagforbundet.

– Er de politisk ueinige i lokale saker?

– Ja, det skal vera visst. Amalie vil prioritera næringslivssatsinga, eg meiner det å få orden på eigne arbeidsplassar, få heile stillingar, kasta ut vikarbyråa og skapa ein betre arbeidskvardag for tilsette på golvet i Vaksdal, må vera viktigare, seier Lisa.

– Det må då kunna gå an å ha to tankar i hovudet, samstundes, sukkar Amalie.

– Det er for enkelt å seia det slik, i praksis går det ikkje, seier Lisa – høglydt og bestemt.

– Så, så, roleg no, manar Inger, etter fleire verbale kuler mellom dei to «småsøstrene». Men det roar seg fort, latteren rungar og gode vener er dei alltid – uansett, presiserer søstrene.

– Korleis er det med den politiske sympatien i slekta, sikkert ikkje lett for foreldre og andre å velja kven dei skal stemma på?

– Å jau, du. Det har ho greidd bra, kjem det frå dei to eldste. Yngstejenta har smiska med både med mor og far og fleire i slekta og sikra seg stemmer. Då me andre kom og spurde var det for seint, bræleungen hadde vore før oss, ler dei to.

Familiebesøk

– Kvifor lokalpolitikk? Har de noko å slekta på her.

– Det trur eg ikkje, smiler Inger – før Amalie avslørar at; jau, mammo har faktisk vore med i Framstegspartiet ein gong.

– Det der fanst ikkje nødvendig av deg på seia! Så då kan no eg seia at i familieselskap i framtida, med politikk på agendaen, sikkert blir – eh, litt utfordrande. Det er faktisk snakk om å innføra forbod, seier Lisa.

– Kvifor det då? ville VP sjølvsagt vita – og Inger fortel:

– Det var i eit bursdagsbesøk for ikkje så lenge sidan til ein av jentene mine at ein av desse to plutseleg reiste seg og sa – litt høgt: «I dag synest eg me ikkje skal diskutera politikk»! Og tipp kva det vart, jau den heftige diskusjonen om lokalpolitikk!

– Det var no skøy, og det gjekk bra, smiler dei to andre.

– Ja, då – det går alltid bra!

Tap og vinn med same sinn

– Kva med valdagen på måndag då? Tap og vinn med same sinn?

– Ja, sjølvsagt, men stem gjerne på oss

– eller på oss

– eller på oss, seier trioen – som alle håpar å kunna bidra til ein ny og meir positiv politisk kurs for Vaksdal kommune i framtida. Det er dei i alle fall heilt einige om.

ms@vp.no

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.