Spelte for dei eldre

I filmen nede i saka får ein vera med ein tur på Beitelen. Foto: Arild Soltvedt

Dale Musikkforening sytte for korpsmusikk til dei eldre på Daletunet. I denne filmen får ein også bli med på Beitelen.

Folketoget på 17. mai brukar alltid å stoppa utanfor Daletunet. Men i år vart det ikkje tog på 17. mai, og for å vega litt opp for dette tok Dale Musikkforening like før grunnlovsdagen turen til Daletunet.

Her serverte ein kjende og kjære tonar som brukar å bli spelt på 17. mai.

Sjå filmen under, som også inneheld dronefilm frå Dale og ein tur på Beitelen: