Spurde: Kjersti Toppe frå ei synfaring langs E16. Foto: Esben Hesjedal

Spurde om K5 i Stortinget

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) stilte spørsmål om K5 i samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) sin første spørjetime sist veke.

— Den nye samferdsleministeren har uttalt at han vil prioritera klima og trafikktryggleik, og gjera samferdslesektoren meir berekraftig. Opprustinga av Bergensbana er eit slikt prosjekt, men Ringeriksbanen og nytt dobbeltspor mellom Bergen og Voss vil gjera at reisetida Bergen-Oslo vil komma ned mot fire timar. Dette vil gjera tog til eit reelt alternativ. No er begge prosjekta truga av utsetjingar. Vil statsråden prioritera Bergensbanen med byggjestart slik som regjeringa tidlegare har lova? spurde Toppe.

Ambisjonane ligg fast

Hareide svara at K5 er eit viktig prosjekt, som han som hordalending kjenner godt.

— Mine ambisjonar for samferdslesektoren er store. Ambisjonane som ligg i Nasjonal Transportplan for K5 ligg fast. Ringeriksbanen og K5 Bergen-Voss vil utan tvil gje ein heilt ny dimensjon til Bergensbanen og redusera reisetida. Me jobbar no med ny NTP, og resultatet vert presentert våren 2021. Det er der me får framdrifta på desse prosjekta endeleg, og vår ambisjon ligg fast, sa Hareide.

Knut Arild Hareide på eit tidlegare besøk på Dale. Frå venstre Arne Normann og Jan-Erik Bernes Roe. (Arkivfoto)

Ras og ulukker

Toppe peika også på E16 og ras- og ulukkes-problematikken der.

— Det har komme ein stor kostnadsauke i prosjektet, er det slik at statsråden framleis ser verdien av liv og helse først?

— Dette prosjektet står seg godt, men me er kjent med kostnadsauken som er komme. På kort sikt skal det oppgraderast tunnelar og fleire tiltak mot ras gjerast på strekninga Voss-Stanghelle. Fram mot 2022 kan det også bli aktuelt å gjera mindre utbetringar og skredsikringsprosjekt på strekninga Voss-Arna. K5 er eit viktig prosjekt som heilt klart vil inngå i NTP, og det er det som kjem fram om eitt år i NTP som vil gje dei endelege resultata om dette. Men vår ambisjon står fast, sa samferdsleminister Hareide.