VAKSINESTASJON: Vaksineringa går føre seg i Dale bedehus.

Startar med drop-in-vaksinering

Onsdag, torsdag og fredag i kommande veke opnar Vaksdal kommune for drop-in-vaksinering i bedehuset på Dale.

Dette gjeld folk som ønskjer å få første vaksinedose mot koronaviruset.

– Frå veke 29 opnar me for drop-in på vaksineringsstaden i Dale bedehus for innbyggjarar i Vaksdal kommune som skal ha dose 1. Dersom me har dosar til overs, vil den som møter opp få vaksine, uavhengig av kva gruppe ein høyrer til i. Ein må medrekna noko ventetid. Ein skal ikkje ringja først, berre komma innom, heiter det i ei melding frå koronateamet.

Tidspunkt for drop-in vert onsdag og torsdag kl 14.00-15.30 og fredag kl 11.00-12.00.

Tidspunkta kan endra seg etter kor mange vaksinar kommunen mottek frå FHI.

Elles vert det opna for vaksinering av ungdom. Kommunen opplyser følgjande:

Ungdom 12-17 år

For barn og unge er risiko for alvorlig forløp av Covid-19 låg, sjølv ved kronisk underliggande sjukdom. Det vert likevel opna for vaksinasjon der ein meiner at det kan vera auka risiko for alvorleg sjukdom. Desse kan få tilbod om BioNTech-Pfizervaksinen som er godkjent frå 12 år.

Dette er først og fremst barn og ungdommar som har alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdomar, eller medfødd syndrom, men òg sjukdomar i lista under. Andre tilstandar med særleg høg risiko kan vurderast individuelt etter særskilt anbefaling frå barnelege.

• Organtransplantasjon

• Immunsvikt (gjeld alvorleg/medfødd immunsvikt, ikkje immunsuppresjon per se)

• Hematologisk kreftsjukdom siste fem år

Artikkelen held fram under annonsen.

• Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)

• Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eksempel SMA, Duchenne og cerebral parese)

• Downs syndrom

• Kronisk nyresjukdom eller betydelig nedsett nyrefunksjon

Om du har ein av diagnosane nemnt over og ynskjer vaksinen, ta kontakt med koronateamet, og du vil få tildelt time til vaksinasjon. Tlf 966 34 329.

HER: Vaksdal kommune si vaksinering vert gjort i Dale bedehus. (Arkivfoto)