STENGT: Stanghelle barnehage vart stengt fredag grunna mistanke om koronasmitte hjå eit av borna i barnehagen. (Arkivfoto)

Stengjer Stanghelle barnehage

Mistanke om covid-19-smitte smitte hjå eit av borna i Stanghelle barnehagen, gjer at barnehagen vart stengt i dag, fredag. Uavhengig av dette er det tillegg meldt om fire nye smitta.

— I utgangspunktet er alle borna nærkontaktar av den som kan vera smitta, og barnehagen blir stengt inn til vidare. No pågår testing og smittesporinga, seier kommuneoverlege Ole M. Thorseth, som i dag, fredag, ikkje kan seia noko om kor lenge barnehagen blir stengt.

– Me vil vurdera det på nytt over helga, seier han.

Mogeleg smitte

Han presiserer at tilfellet i Stanghelle barnehage er mogeleg smitte.

— Det er langt frå sikkert at dett er reell smitte, men også her er me sjølvsagt skikkeleg føre var, seier Thorseth.

Fire nye tilfelle

I går kveld vart det registrert tre nye smittetilfelle i Vaksdal, og i dag, fredag, er det førebels komme ein til. Totalt er ein med det oppe i 23 koronasmitta i Vaksdal kommune dei siste to vekene.

Alle dei nye tilfelle er hjå vaksne personar, og det er snakk om milde symptom.

— Isolasjon og karantenetiltak er sett inn, og smittesporing pågår framleis. Mange er blitt testa i dag, fredag, fleire blir det også utover dagen og me vil også testa i morgon laurdag, seier Thorseth.