FRAMLEIS STENGT: Korkje fylkesvegen øvst, eller den kommunale vegen nedst, vert opna for trafikk før helga. (Arkivfoto)

Stengt i alle fall til over helga

Det vert ikkje opning av den rasråka vegen ved Kallestadsudnet bru før helga, slik ein hadde håpa. Måndag skal ein på nytt vurdera om fylkesvegen kan opnast.

— Sjølv om ein nesten har fått rydda ferdig raset på fylkesvegen, og også fått inn ny mellombels vegsikring, så har vegvesenet av tryggleiksmessige årsaker utsett vegopninga. Det vert gjort ei ny vurdering måndag, seier Torstein Mehus, avdelingsleiar for kommunalteknisk drift i Vaksdal kommune.

Sjølv om det vert jobba med rasrydding også i dag, fredag, vert vegen stengt i helga.

Fylkesvegen frå brua og ned til Kallestadkrysset skal ein vurdera å opna måndag, medan den kommunale vegen til Kallestad nede ved sjøen vert stengt lengre. Dette grunna skadar i vegbana som må ordnast etter at raset er heilt fjerna.