Stor pågang på den lokale Koronatelefonen

Når ein ringjer Vaksdal kommune sin Koronatelefon, møter ein (f.v.) Sandra Rødland og Nina Toskedal. Bak kommuneoverlege Ole M. Thorseth. Foto: Esben Hesjedal

I går, måndag, var det om lag 80 oppringingar til Koronatelefonen 453 77 777, i heradshuset på Dale. Og i dag tidleg, tysdag, då den opna var det fullt køyr igjen.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth fortel at han, og dei to medarbeidarane hans som svarar på telefonane, har nok opp å gjera. Trioen har installert seg i lokala til helsestasjonen i første høgda i heradshuset.

— Det er eit skikkeleg trøkk, folk er naturleg nok uroa og har mange spørsmål, seier Thorseth.

Bra med eigen telefon

Det er Sandra Rødland og Nina Toskedal som svarar på Koronatelefonen.

– Me svarar på det meste, og spør Thorseth dersom i tvilstilfelle. Utgangspunktet er dei råda som sentrale helsemyndigheiter gjer, og retningslinjene som ligg der, seier dei to.

Mange kommunar gjev Korona-informasjon på telefon via legevaktar og den ordinære helsetenesta.

– Det at me har fått til ein eigen Korona-telefon her i kommunen, er bra. Det ser ut til å fungera godt, seier Thorseth.

Sju frå Vaksdal koronatesta måndag

Slik utviklinga er no, er lista for å bli testa noko høgare enn den var i starten. I går vart sju personar frå Vaksdal kommune sendt til Voss for testing. Heller ikkje tysdag morgon var det meldt om positive svar på koronatestar på folk i Vaksdal.

— Planlagde konsultasjonar vert gjennomført

Thorseth presiserer at legekontoret i heradshuset har ope.

— Legane i heradshuset vurderer fortløpande behov for nødvendig helsehjelp, men tek framleis imot pasientar som har avtalt time til planlagt konsultasjon på legekontoret, seier Thorseth.

Han minner om at dei som har avtalt time grunna luftvegsinfeksjon skal møta på baksida av heradshuset, der den andre inngangen til legekontoret er.