Fredag kveld var dette området utan straum, i følgje BKK. Foto: Esben Hesjedal

Straumbrot i Bergsdalen

Fredag kveld vart det meldt om eit straumbrot i Bergsdalen. Laurdag morgon hadde dei fleste fått straumen tilbake, og på ettermiddagen var alt normalt ved straumforsyninga i Bergsdalen.

Straumen vart borte i 19.30-tida fredag. Det var eit område frå Rødland til Hamlagrø som var straumlause.

I dette området er det berre nokre få hus med fastbuande, så storparten av straumabonnentane som var utan straum var hyttter.

BKK kopla inn att straumen i ein del område fredag kveld. Laurdag klokka 09 melde BKK at 19 straumabonnentar då mangla straum. Feilretting for alle var då anslått å vera klokka 10. Men det skulle gå ut på ettermiddagen før alle hadde fått straumen tilbake.

Straumbrot Bergsdalen Foto: Esben Hesjedal