UROA: Vidar Skeie, dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap, er uroa for konsekvensane av Koronasaka for det lokale næringslivet. Foto: Esben Hesjedal

— Svært vanskeleg for lokalt næringsliv

Korona-viruset og tiltaka i samband med dette gjev lokale bedrifter store utfordringar.

Vidar Skeie, dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap, fortel at dei fleste bedrifter har fått redusert aktivitet og fleire må permittera tilsette.

— Det er jo eit veldig sjokk dette. Eg er blitt kontakta av fleire bedrifter, og prøver å gje råd om korleis ein kan handtera situasjonen ein no står midt oppe i. Utfordringa er rett og slett at når samfunnet stoppar opp slik det no gjer, så vert omsetnaden i bedriftene råka. Eg fryktar at me kan få lokale konkursar i kjølvatnet av denne situasjonen dersom situasjonen vert langvarig, spesielt for dei som er sjølvstendig næringsdrivande, seier Skeie.

Uroa for nystarta bedrifter

Han er glad for at staten stiller opp med krisepakker, men er redd for at dette ikkje er nok.

— Det er forskjell på tiltak som kan redda dei store bedriftene i landet, og våre små og mellomstore. Eg har ei særleg bekymring for relativt nystarta bedrifter som ikkje har bygt seg opp ein buffer. Hjelpetiltak er gjerne bygt opp slik at ein skal få støtte ut frå omsetnad dei tre siste åra. For bedrifter som nyleg er starta, så er dette problematisk. Eg håpar ikkje desse fell mellom to stolar, seier Skeie.

— Støtt lokale bedrifter

Han er i tett kontakt med styret i Vaksdal Næringsråd, som er bedriftene sin eigen organisasjon.

— Oppfordringa til folk flest no er å vera medvetne på at ein støttar lokalt næringsliv mest mogleg. Det å rett og slett bruka dei lokale verksemdene er viktig, dei treng det både no og i tida framover, seier Skeie.

Vil kartleggja

Vaksdal Næringsråd hadde planlagt å ha både styremøte og årsmøte i desse tider. Begge delar er naturleg nok avlyst. Stian Jordalen, som sit i styret i næringsrådet, fortel at ein ønskjer å få ut ei spørjegransking til lokale bedrifter for å få informasjon om korleis situasjonen er.

— Saman med næringsselskapet ønskjer me å få ut ei spørjeundersøking for å få eit bilete av korleis stoda er no og på litt lengre sikt. Det kan vera situasjon rundt permitteringar, dei økonomiske verknadene ein ser for seg, om ein fryktar å måtta leggja ned og så vidare. Ei slik oversikt vil vera nyttig for fleire aktørar, mellom anna lokalpolitikarane våre. Me håpar å få ut ei slik undersøking snarleg, seier Jordalen.

Ei tøff tid

Han trur det lokale næringslivet står framfor ei tøff tid.

— Ein ting er den situasjonen me står oppe i akkurat no, som me kan håpa berre varer nokre veker eller ein månad eller så. Tida etterpå, sommaren og hausten, når den akutte krisa forhåpentlegvis er over vert også utfordrande. Kor raskt vil handelen ta seg opp igjen, veit me ikkje. Mange vil kunna tola ein del, men dersom det blir kanselleringar innan til dømes reiselivet, så kan ein del slita. Til dømes vil berre 100 turistbussar mindre langs E16 vera merkbart for mange, seier Jordalen.